Verdiskapingspotensialet bør avgjera kvar Landbruksdirektoratet skal liggja – HLB

Ei lokalisering av Landbruksdirektoratet til Jæren gir nærleik til heile verdikjeda i landbruket, men også til den fremste bioøkonomiske innovasjonsarenaen; kysten og havrommet, skriv HLB

Det å flytta statlege arbeidsplassar ut frå Oslo kan gje ein betydeleg verdiskapingseffekt, skriv ei forskargruppe frå HLB i  rapporten «Kvifor Landbruksdirektoratet bør bli eit verdiskapingsdirektorat». Landbruksdirektoratet bør lokaliserast der verdiskapingseffektane blir størst, held forskarane fram, og konkluderer med at Jæren vil vera det beste alternativet.

Jæren gir stor nærleik til heile verdikjeda i det etablerte landbruket. Minst like viktig er nærleiken til det som pr. i dag er både den største utfordringa og det største potensialet i norsk landbruk; aktiv deltaking på den fremste bioøkonomiske innovasjonsarenaen i norsk næringsliv; kysten og havrommet.

Den mangeårige nedgangen i norsk landbruk har vore aller størst på kysten, i dei regionar som til dels har hatt den høgaste verdiskapinga i Noreg. Verken landbruket eller landet tener på at dette gapet blir enno større. Landbruket bør koplast på og ta aktiv del i den etter kvart svært så omfattande innovasjonsaktiviteten i kystsona. Det må lagast nye koplingar både til blå sektor og til reiselivet, og det må tenkjast heilt nytt rundt kva landbruk er og kan vera.

Eit utflytt Landbruksdirektorat kan bli ein spydspiss i ei slik storskala satsing på innovasjon og entreprenørskap. Verdiskapings- og sysselsetjingseffektane kan bli store.

Arbeidsrapporten Kvifor Landbruksdirektoratet bør bli eit verdiskapingsdirektorat. Og kvifor det då bør lokaliserast til Jæren er skriven av forskarane Dag Jørund Lønning (red.), Olav Eggebø, Johan Barstad og Rhys Evans.

Last ned rapporten:

Arbeidsrapport Landbruksdirektoratet HLB nettversjon