Ungarske forskarar på vitjing hos HLB – HLB

Ungarske forskarar på vitjing hos HLB

I førre veke var tre ungarske forskarar frå Szeged-universitet på vitjing hos HLB.

Dr. Rhys Evans har saman med landbruks- og reiselivsforskarane jobba med å utarbeide prosjektsøknad om EØS-midlar, over Eramus+-programmet. Prosjektsøknaden fokuserer på utdanning innan berekraftig reiseliv, og vil moglegvis føre til fleire ulike prosjekt i framtida.

Besøket blei finansiert av Tudás Fundation of Knowledge.