Tilflyttarar til utkant-Noreg? Tilflyttingsbygda Finnøy viser veg – HLB

Tilflyttarar til utkant-Noreg? Tilflyttingsbygda Finnøy viser veg

Dag Jørund Lønning (red), Johan Barstad og Rhys Evans, 2012: Tilflytting til utkant-Noreg? Tilflyttingsbygda Finnøy viser veg. HLB Rapport nr 2.

ISBN 978-82-93079-04-0

83 s

Pris 250,-

Mange regionar, kommunar og bygder i Noreg arbeider i dag med tilflyttingsproblematikk. Nokre lukkast betre enn andre. Denne rapporten handlar om ei bygd som har lukkast godt så langt, vesle Finnøy i Hamarøy kommune i Nordland.

Det kanskje mest spesielle med staden Finnøy er at denne representerer ein på mange måtar ”gløymt” arena i norsk distriktsdebatt; utkantgrenda eller ”utbygda”.

Rapporten trekkjer fram dei viktigaste årsakene til at Finnøy har lukkast; ein aktiv og vedvarande strategi for å inkludera, samtidig som ein aksepterer at menneske er ulike og har ulike interesser. Følgjande mantra har styrt korleis Finnøy har teke mot tilreisande: du skal ta mot den som kjem på ein måte som gjer at denne personen ønskjer å bli verande!

Forskarar frå HLB syner i rapporten at med ein aktiv forvaltingsstrategi for dei menneskelege ressursane på staden, kan også utkantbygda bli ein tilflyttingsvinnar.

Bestill rapporten på post@hlb.no