HGUt tilbyr skreddarsydde mindre modular/kurs som er særleg eigna som etterutdanning og/eller fagleg spesialisering. Desse kursa er prosjektorganiserte, og kan arrangerast over heile landet og tilpassast lokale utfordringar og ressursgrunnlag.

Fagkurs i samfunnsentreprenørskap (10 studiepoeng)

Kommunar og bygder/stader som arbeider aktivt med lokal utvikling er oftast dei som lukkast best når det gjeld både nærings- og befolkningsutvikling.

HLB tilbyr no Fagkurs i samfunnsentreprenørskap, eit høgskulekurs som gjev skreddarsydd og praktisk kunnskap om korleis ein kan lukkast med lokalt utviklingsarbeid.

Sentrale tema er:

Kurset gjev 10 studiepoeng.

Studieplan Høgskulekurs i samfunnsentreprenørskap 10 studiepoeng.

For meir informasjon:
Dag Jørund Lønning, HGUt: [email protected]

Fagkurs Inn på Tunet (10 studiepoeng)

Høgskulen for grøn utvikling tilbyr eit spesielt utvikla fagkurs for nye – og eksisterande – Inn på Tunet tilbydarar.

Kurset byggjer på tre hovudpillarar:

  1. Inn på Tunet økonomien. Kalkulering og prissetjing. Gode og enkle system.
  2. Inn på Tunet og samarbeidspartnarane. Bli meir bevisste på kven som er gode samarbeidspartnarar i lokalsamfunnet og korleis/på kva område desse er avgjerande for å kunne gi og oppretthalde eit bærekraftig IPT-tilbod over tid.
  3. Kunderelasjonar. Forstå, tilpasse seg til og vidareutvikle god kjøparåtferd. Sikre at du og IPT-tilbodet ditt vert sett som attraktiv for kommunar (undervisning, helse og sosialt arbeid), helseføretaka og andre å samarbeide med. Det å få innpass hos kundane og etablere god forståing (både hjå dykk sjølve og hos kjøparane) for kva som er høg og godt tilpassa kvalitet. Det å marknadsføre tilbodet, både overfor kundar/kjøparar men og til lokalsamfunn og ålmenta. Det å skulle samarbeide med budsjettstyrte system.

Både nye og eksisterande Inn på Tunet-tilbydarar melder at dei har behov for meir og betre kunnskap om det bedriftsøkonomiske og praktiske ved å etablere og drifte slike tilbod og vite korleis ein best skal kunne samarbeide med relevante partnarar, kjøparar og kundar for å bygge eit tilbod som er berekratig på lang sikt.

Fagkurset er difor utvikla for å styrkje merksemda på og behovet for meirkunnskap om IPT-økonomi og drift, om det å sjå og bruke alle tilgjengelege ressursar (personlege og garden sine ressursar) og korleis du gjennom samarbeid med andre aktørar kan utvikle og styrke samarbeidet både med kundane og kjøpararane – men også med ditt eige lokalsamfunn.

Målet er å styrke deg som tilbydar i din praktiske kompetanse på dei område du møter i ditt daglege arbeid. Vi trur at dette vil auke verdiskapinga både hos den enkelte tilbydar, lokalt i bygda og for samfunnet som er kjøparar og brukarar av desse tenestene.

Kurset er bygt opp med fokus på å kunne identifisere, verdsetje og vidareutvikle eigne ressursar (økonomi, tenester, produkt, natur, kultur), etablere gode samarbeidstilhøve med kundane, og legg vekt på lokal medverknad og aktiv mobilisering. Dei sentrale spørsmåla vi stiller i kurset er:

  • Kva er – og kvar ligg mulegheitene i vårt eige ressursgrunnlag?
  • Kven er dei viktigaste aktørane for å kunne vidareforedle dette til berekraftige produkt – for oss og for samfunnet?
  • Korleis kan aktørane samarbeida breitt i denne vidareforedlinga – og kva rolle kan særleg lokalsamfunnet spela?

Praktisk info

Ta kontakt med Johan Barstad for meir informasjon: [email protected]

Studietilbod