Kurset Regenerativ samfunnsutvikling (tidl. Handlingskompetanse/Endringskunnskap/Samfunn og utviklingsarbeid) er første år i BA nyskaping og regenerativ utvikling og handlar m.a. om:

Teori og praksis

Det er eit tverrfagleg studium der vi nærmar oss utviklingsfeltet gjennom teori frå pedagogikk, geografi, sosialantropologi, sosiologi og filosofi. Kurset gjev ei grunnleggjande forståing av både naturen og lokalsamfunnet som rammer og utgangspunkt for handling/endring.

Kurset gjev ei brei innføring i akademisk tenking/metode og det å ta i bruk forskingsbasert kunnskap i lokal utvikling. Det vil bli nytta mange døme, både nasjonale og internasjonale.

Emneinndeling

Modul I, 30 stp.

  • Innføring i akademisk tenking og metode
  • Naturen som ramme for menneskeleg aktivitet
  • Introduksjon til utviklingsarbeid

Modul II, 30 stp.

  • Lokalsamfunnet som handlingsarena
  • Regenerativ utvikling som teori og metode

Arbeidsmåtar

I tillegg til førelesing og litteraturstudiar legg ein vekt på studentaktivitet som øvingar, oppgåver, gruppeoppgåver og felt-/prosjektarbeid.

Studieplan Samfunn og utviklingsarbeid I og II (skal oppdaterast til oppstart 2024)

Praksissamlinga ved RU1 er eit djupdykk inn i ei krevjande problemstilling knytt til næringsrelatert naturbruk. Praksissamlinga ved RU2 er eit utforskingsbesøk til eit norsk lokalsamfunn, større eller mindre. Sjå eige skriv om praksisvekene her.

Prisar Regenerativ samfunnsutvikling  2024/25:

RU1: 30 000 NOK
RU2: 30 000 NOK

Studietilbod