Regenerativt landbruk – HLB

Regenerativt landbruk

Regenerativt landbruk (RL) – 30 stp.

I denne neven med mold kan det finnast opp til 1 trillion levande vesen.

Framtida sin matproduksjon må byggja på naturen sine eigne produktive krefter. Det utrulege økosystemet i matjorda representerer ein utruleg ressurs for nyskaping innanfor landbruk og bygdenæringar. Den nye kunnskapen om molda utfordrar etablerte «sanningar» om at større og større driftseiningar er einaste farbare veg framover.

I kurset Regenerativt landbruk utforskar me dette utviklingspotensialet, og potensiala det gir både for ny næringsutvikling i landbruket og for lokalsamfunnsutvikling. Me tek opp samspelet mellom menneske og dei mangfelte naturressursane i landbrukslandskapet, og går inn på alt frå konkrete driftsteknikkar for å støtta opp under og fremja naturmangfald til heilskapleg planlegging og forvalting samt nyskapande forretningsmodellar som er særleg tilpassa småskala naturnær drift.

Kurset byggjer på grunntankane i Jordboka og Jordboka II av Dag Jørund Lønning, og er eit produkt av HLB si særlege satsing på naturnære metodar/regenerativt landbruk. Sentralt i kurset er studietur til California og Singing Frogs Farm, ein av verdas mest produktive småbruk.

SØK HER: Opptak 2018/2020

Løpande opptak fram til studiestart. Det er ingen karaktergrense på faget, alle kvalifiserte søkarar får opptak. Opptak på basis av generell studiekompetanse, realkompetanse og 23/5-regelen.

Studiet er organisert via samlingar, og sendast på livestream over heile landet. Me legg opp til stor fleksibilitet for at studenten enkelt skal kunne kombinere jobb med studering, viss det er ønskjeleg.

 

Generell informasjon om studering ved HLB finn ein her.