Økonomi og samfunn – HLB

Økonomi og samfunn

Økonomi og Samfunn (ØKS) – 30 stp.

Å forstå korleis økonomi påverkar prosessane i samfunnet er avgjerande når ein skal jobbe med endringsprosessar og utviklingsarbeid. Kurset gir ei grunnleggande forståing av økonomifaget og økonomisk metode i eit samfunnsperspektiv. Studentane sjå nærare på framveksten av økonomifaget og korleis faget har utvikla seg i tråd med dei utfordringar som er knytte til dei ulike samfunnstypar og utfordringar.

 

Sentrale tema er:

• Teori for økonomisk verksemd

• Marknadsimperfeksjonar og økonomiske modellar

• Internasjonal økonomi

• Bedriftsøkonomisk forståing

• Aktuelle lover og rettstilhøve

 

  • Studieplan SØV er snart tilgjengeleg her
  • Prisar på dei ulike kursa er snart tilgjengeleg her

 

SØK HER: Opptak 2019/2020

Løpande opptak fram til studiestart. Det er ingen karaktergrense på faget, alle kvalifiserte søkarar får opptak. Opptak på basis av generell studiekompetanse, realkompetanse og 23/5-regelen.

Studiet er organisert via samlingar, og sendast på livestream over heile landet. Me legg opp til stor fleksibilitet for at studenten enkelt skal kunne kombinere jobb med studering, viss det er ønskjeleg. Generell informasjon om studering ved HLB finn ein her. 

Studieansvarleg: Johan Barstad