Økonomi og leiing – HLB

Økonomi og leiing

Modul Økonomi I (30 studiepoeng)

Grunnleggjande økonomiforståing til bruk i landbruk og bygdeutvikling

Landbruks- og bygdeøkonomi gjev studentane innsikt i landbruk som næring i eit breitt, samfunnsøkonomisk perspektiv. Dei skal tileigne seg kunnskapar om og kunne kjenne att korleis karakteristiske utviklingstrekk i norsk landbruk og bygdenæringar relaterer seg til samfunnsøkonomisk teori og metode. Bedriftsøkonomien tilbyr grunnleggjande kunnskap i bedriftsøkonomisk teori og metode og innsikt, og øving i bruk av økonomiske modellar og bedriftsøkonomiske analysemetodar. Rekneskapsforståing gjev innføring i og øving i å forstå og bruke rekneskapsdokument som t.d. årsrekneskapen aktivt i styring av eigne verksemder. Rettslære gjev innføring i rettslege emne som er særleg relevante for regnskapskontor og bygdenæringar/gardsbruk. Det er målet å både gjere kandidatane kjende med rettsreglar generelt og med arbeidsrett spesielt.

Modul Økonomi II (30 studiepoeng)

Internasjonalisering, leiing og prosjektarbeid

I globalisering/internasjonalisering er hovudmålet at kandidatane skal arbeide seg fram til å forstå desse samanhengane og ha kjennskap til det internasjonale regel- og rammeverk som gjeld for handel med landbruksvarer, for regional og bygdeutviklingspolitikk og korleis dette verkar inn både på nasjonal politikkutforming og på mulegheiter til å drive næringsverksemd. Gjennom organisasjon og leiing får kandidatane kunnskapar om oppbygging, styring og leiing av organisasjonar. Det overordna målet er at kandidatane skal kunne gjere nytte av denne kunnskapen i eiga verksemd, i næringslivet og i kontakt med offentlege institusjonar. Investering/finansiering gir deltakarane innsikt i problem knytte til investering og finansiering ved prosjektering og drift i landbruks- og bygde-næringane, og gir m.a. innsikt i ulike metodar for prosjektvurdering. Gjennom prosjektfaget set dei saman desse kunnskapane i ei prosjektoppgåve knytt til ei konkret prosjekteringsutfordring

Studieplan økonomi og leiing
Prisar Økonomi og leiing I og II 2016 2017