Dette kurset vil ikkje gå i 2024/25

Landskap er møte mellom menneske og fysisk miljø, og ramme for all menneskeleg aktivitet

Landskap er møte mellom menneske og fysisk miljø, og ramme for all menneskeleg aktivitet. Landskap er våre naturlege omgivnader, men dei er også sosiale og kulturelle. Landskap utgjer rom for nyskaping, utvikling og samarbeid, men også bakteppe for til dels alvorlege ressurs- og interessekonfliktar. Kva gjer me når ulike interesser konkurrerer om dei same ressursane?

I denne modulen går me inn i (kultur)landskapet som ressurs for nyskaping og utvikling, og me utforskar nye utfordringar og potensial i møtet mellom det rurale produksjonslandskapet og det urbane opplevingslandskapet.

Viktige tema er

Har du eit ønskje om hjelp til å løyse ei arealkonflikt i lokalsamfunnet ditt? Me oppfordrar studentane våre til å skrive oppgåvene sine om noko dei kjenner godt lokalt, og kan vegleiie gjennom prosessen.

Modulen er på 30 studiepoeng og kan inngå i år 2 av bachelorgraden i nyskaping og regenerativ utvikling, eller takast som enkeltemne. Kurset vil m.a. byggja på pågåande forskingsarbeid rundt landskap, nyskaping, jordvern og arealkonfliktar ved HGUt.

Studiet er organisert som seks samlingar. Ei av desse er praksisveke i jærlandskapet. Les meir om praksisvekene her.

Pris 2021/2022

30 000 NOK

Studieansvarleg:

Førsteamanuensis Rhys Evans

Studietilbod