Hest i næring – HLB

Hest i næring

Hestehald er i vinden som aldri før, og hesten er og ein stadig viktigare del av norsk landbruk og næringsverksemd. Hest som hovud- eller tilleggsnæring kan bidra til å skapa arbeidsplassar og aktivitet på gardane og representera ei inntektskjelde for eigarane i tida framover.

Studiet Hest i næring går nærare inn i eit breitt spekter av hesteverksemder og måtar å bruka hesten i næringsutvikling, og vil og gje studentane ei brei forståing av hesten si rolle i norsk bygdeliv og identitet. Studenten får moglegheit til å bruke eigen verksemd i oppgåvearbeid, og får konkret tilbakemelding på korleis han/ho kan vidareutvikle tilbodet sitt, eller starte opp noko nytt. Arealplanlegging som tek omsyn både til hesten og andre brukarar er og ein viktig del.

Studietilbodet vender seg til ei brei målgruppe, blant anna personar som:

  • har lang praktisk erfaring med hest men manglar formell kompetanse,
  • ønskjer å spesialisera seg på å dyrka fôr til hest,
  • ønskjer å nytta garden til turisme og ser hesten som ein naturlig del av tilbodet,
  • ønskjer å utvikla eit ”Inn på tunet” – tilbod og vil nytta hesten i dette
  • ønskjer å utvikla tilbod om rideundervisning eller andre former for ridetilbod,
  • ønskjer å tilby oppstalling og treningsfasilitetar,
  • ønskjer å utvikla og tilby kursverksemd i ulike tema og retningar innan hestehald,
  • ønskjer å finne nye moglegheiter for å bruke hest i næringsverksemd.

Modulen Hest i næring (HiN I) utgjer 30 studiepoeng. Modulen kan inngå som del av år 2 i Bachelor i nyskaping og samfunnsutvikling.

Studieansvarleg: Førsteamanuensis Rhys Evans.

Prisar HiN 2017 2018
Studieplan HiN modul I

Opptaksportal. Løpande opptak fram til studiestart.

Studiet er organisert via samlingar, og sendast på livestream over heile landet. Me legg opp til stor fleksibilitet, for at studenten skal kunne kombinere jobb med studering, viss det er ønskjeleg. Generell informasjon om studering ved HLB finn ein her.