Søknadsportal hausten 2024

Ordinær søknadsfrist er 15 mai. Etter dette er det rullerande opptak fram til studiestart i august – så lenge det er ledige plassar.

Opptakskrav er generell studiekompetanse eller eventuelt realkompetanse. Realkompetanse vil seia at anna relevant erfaring, anten den kjem frå jobb, praksis eller skule, vert lagd til grunn. Ein må vere 25 år eller eldre for å verta vurdert i forhold til realkompetanse.

Tjenesteleverandør av HLB sitt studieadministrative system: Kong Arthur AS.

Litt generell info om modulprisar og om kursa våre:

  • HGUt har ingen obligatoriske samlingar. Dei ulike modulane i bachelorgraden startar opp så lenge det er nok studentar. Endeleg avgjerd om studiestart blir tatt i løpet av sommaren.
  • HGUt er ein privat høgskule med svært lite offentleg støtte. Difor er me avhengig av  studentbetaling. Modulprisar blir sette på grunnlag av faglege aktivitetar og bruken av lærekrefter, også ekstrainnsats og bruk av eksterne under praksisvekene. Prisane dekkar uansett all undervisning og rettleiing både i klasserom og over elektroniske medium. Eksamensavgifter er også inkluderte i modulprisen.  Pensumlitteratur er ikkje dekka. Sjå eiga side om praksisvekene våre.
  • HGUt godkjenner – ved søknad – inntil 60 eksterne studiepoeng som del av vår BA grad. Studiepoeng blir godkjende så lenge dei har relevans i forhold til tematikken i graden. Det skal sendast ein førespurnad til administrasjon. Denne skal innehalda dokumentasjon på gjennomførte studiepoeng frå annan høgare utdanningsinstitusjon.
  • Pensum blir gjennomgått/revidert etter kvart studieår, og ny fullstendig pensumliste ligg føre ved studiestart.
  • Opptak skjer på basis av generell studiekompetanse, realkompetanse eller 23/5-regelen.
  • Skulen har campus på Bryne i Time kommune. All undervisning blir og sendt direkte online. Ein kan difor studera frå heile landet.

Studietilbod