Bachelor i nyskaping – HLB

Bachelor i nyskaping

Kunnskap for verdiskaping og aktivt utviklingsarbeid!

HLB sitt bachelorstudium i nyskaping og samfunnsutvikling (180 studiepoeng) er unikt i Norge, og gjev eit relevant og spissa utdanningstilbod for ei lang rekke utviklingsretta yrke og samfunnsoppgåver. Døme er:

  • Utviklingsoppgåver (samfunnsutvikling) innanfor det offentlege
  • Entreprenørskap og gründerverksemd
  • Nyskaping, omstilling, endring
  • Næringsutvikling
  • Organisasjonsutvikling
  • Internasjonalt utviklingsarbeid (t.d. bistand)
  • Offentleg planlegging (mobilisering, medverknad, involvering)

Gjennom bachelorstudiet i nyskaping og samfunnsutvikling får studentane omfattande og handlingsretta kunnskap om næringsutvikling og verdiskaping, og om korleis stader og lokalsamfunn kan endrast nedanfrå.

Studentane lærer å sjå med nye auge på ressursane dei har rundt seg; dei menneskelege, dei naturbaserte, dei kulturelle, dei sosiale og økonomiske. Dei lærer å ta i bruk ressursane på nye måtar og bli aktive utviklarar og pådrivarar i forhold til eigen livssituasjon og eige miljø.

Studiet gir grunnleggjande og handlingsretta kunnskap om utviklingsarbeid og sosial, kulturell og økonomisk verdiskaping. Mobiliseringsarbeid er også sterkt vektlagt.

Studiet stimulerer til skaparglede, kreativitet og entreprenørskap, og legg difor også opp til samarbeid med forvalting, nærings- og organisasjonsliv.

Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling har Kunnskap for utvikling! som hovudvisjon. I tråd med denne visjonen skal studiet synleggjera og gje grunnleggjande kunnskap om det handlingsrom me har som menneske til å påverka framtida i positiv retning.

Bachelorutdanninga består av 180 studiepoeng, og studieløpet for graden vil sjå slik ut:

1. Studieår 
Samfunn og utviklingsarbeid – 60 studiepoeng

2. Studieår 
Valfrie emne – til saman 60 studiepoeng. Studentane kan velja mellom følgjande modular (alle på 30 stp): Økonomi og leiing I, Økonomi og leiing II, Hest i næring eller Landskap og utvikling (modular går når det er nok påmelde)

3. Studieår
Nyskaping og utviklingsarbeid – 60 studiepoeng

Studiet leier fram til graden Bachelor i nyskaping og samfunnsutvikling. HLB har eit svært sterkt fagmiljø på verdiskaping og samfunnsutvikling, og som student får du undervisning av nokre av dei fremste forskarar i landet innanfor fagfeltet!

Søknadsfrist: 15.mai (opptak til studiestart ved ledige plassar). Søknad skjer via elektronisk portal på heimesida.
Studiestart: September/oktober.


Vidare opplysningar:

Studieplan
Læringsutbytte
Prisar for modulane som inngår i bachelorgraden 2016 – 2017
Forskrift om krav til bachelorgrad ved Høgskulen for landbruk og bygdenæringar (frå Lovdata)

Meir informasjon og studieplanar for dei ulike 60-studiepoengs modulane som inngår i graden finn du på eigne fagsider:

– Samfunn og utviklingsarbeid
– Økonomi og leiing
– Hest i næring
– Landskap og utvikling
– Nyskaping og utviklingsarbeid

HER SØKJER DU OM OPPTAK – Søknad fram til oppstart i sluten av august

Studieansvarleg for bachelorstudiet:

Professor Dag Jørund Lønning