Storsatsing på dialogbasert arealutvikling på Jæren – HLB

Storsatsing på dialogbasert arealutvikling på Jæren

I eit nytt dialogprosjektet skal HLB og kommunane Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå utforska og utvikla felles visjonar og scenarier for berekraftig arealutvikling på Jæren. Dialog skal utprøvast som metode for reell interessentmedverknad i konkrete arealsaker.

Klepp kommune, v/ordførar Ane Mari Braut Nese, er prosjekteigar på vegner av Jærrådet. Professor Dag Jørund Lønning, rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling, er prosjektleiar for satsinga. Arbeidet skal utviklast i tett samarbeid med dialogforumet/tankesmia Jærsmiå.

1,5 millionar i tilskott frå KMD

Regionen Jæren (Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå) opplever rask befolkningsvekst på eit areal som også skal romma landets mest produktive landbruk, eit mangfaldig næringsliv, infrastruktur, friområde for fleire hundre tusen menneske og store natur- og kulturverneverdiar. Arealkonfliktane er mange, komplekse og ressurskrevjande.

Kommunal og moderniseringsdepartementet løyver no 1,5 millionar for at jærrådskommunane og Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) skal utvikla eit pilotprogram rundt dialog som konfliktførebyggjande tiltak i arealsaker. Prosjektet «Dialogbasert arealutvikling på Jæren» får midlane frå potten «Utviklingsprogrammet for byregionar». Løyvinga gjeld Fase 1 i prosjektet (2014).

Tiltak for betre dialog

I prosjektperioden skal det etablerast eit nettverk beståande av deltakarar frå landbruk, boligbygging, næringsliv, offentleg forvalting (kommune, fylke, fylkesmann), frilufts- og verneinteresser og Statens Vegvesen. Nettverket skal definera sentrale utfordringar og kunnskapsbehov. Ein skal og arbeida med alternative, dialogbaserte tilnærmingar i konkrete arealsaker. Nettverket vil vera medarrangør på to større regionkonferansar om jordvern og boligbygging, vern og bruk.

Det skal vidare utviklast ein manual for bruk av dialog i kompliserte og potensielt konfliktfylte arealsaker. Manualen skal ha fokus på Jæren, men skal utviklast på basis av forskingsbasert kunnskap, regional, nasjonal og internasjonal.

Med utgangspunkt i manualen skal det gjennomførast eit intensivt kurs i dialog som planleggings- og gjennomføringsverktøy i alle deltakarkommunane. Kurset vil bli gjennomført i løpet av ein dag og vil innehalda informasjon om samarbeidsprogrammet og dei potensial dette gjev for den enkelte kommune.

Eit viktig tiltak er og utvikling av felles nettportal for regionen med fokus på arealkonfliktane på Jæren og dialog som konfliktførebuing/-løysing. Portalen blir ei fellessatsing med Jærsmiå.

 For meir info:

Ordførar Ane Mari Braut Nese, Klepp kommune. Prosjekteigar.
Professor Dag Jørund Lønning, Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling. Prosjektleiar.