Ringholmen som ressurs i kulturøkonomien – HLB

Ringholmen som ressurs i kulturøkonomien

Stad- og næringsutvikling i kystlandskapet

Målsetjinga med dette prosjektet var utvikla ein modell og strategi for korleis konsentrert utbygging av fritidseigedomar i ein kommune betre kan utnyttast som grunnlag for stad- og næringsutvikling. Dette er ei særs viktig problemstilling i ei tid der fritidsbefolkninga er i rask vekst i store delar av bygde-Noreg.

Prosjektet hadde utgangspunkt i nysatsinga på Ringholmen i Aure kommune (tidlegare Tustna). Gjennom sine utbyggingsplanar for Ringholmen og områda rundt, har selskapet FG Prosjekt AS signalisert interesse for å utvikla ein ”plattform” for breispektra teneste- og opplevingsutvikling. Det å trekkja inn lokale aktørar som tenesteleverandørar er definert som spesielt interessant i eit slikt utviklingsløp. Konseptet ”Rekreasjonsplattform Ringholmen” er såleis tenkt å skulla fungera både som ein innovasjonsarena og som ein ”møtestad” mellom fritidsbefolkning og lokalbefolkning.

Forskings- og utviklingsprosjektet Ringholmen som ressurs i kulturøkonomien skal vera ein sentral premissleverandør for rekreasjonsplattformen, ved å utvikla kunnskap, samanstilla eksisterande erfaringar, og byggja viktige lokale og nasjonale nettverk.  Gjennom lokale mobiliseringsprosessar, ressurskartlegging og innhenting av kunnskapar om korleis menneske som kjem utanfrå tenkjer rundt og opplever Ringholmen/Tustna, vil prosjektet få fram korleis Ringholmen og areala rundt eventuelt kan utnyttast enno betre både i høve breispektra produkt- og opplevingsutvikling og som grunnlag for identitetsdanning og trivsel.

Prosjektet hadde ei ramme på kr 550 000,-, og var finansiert av FMLA Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune, Aure kommune, Aure næringsforum og FG Prosjekt. Første del av prosjektet vart gjennomført gjennom Nordlandsforskning, medan sluttføring skjer i regi av HLB.

Prosjektet munna ut i sluttrapporten Fellesskapsturisme – HLB Rapport nr 1 2010. Prosjektleiar varDag Jørund Lønning.