Reiselivsstrategi for Rogaland – HLB

Reiselivsstrategi for Rogaland

HLB har vunne ein offentleg anbodsrunde om å få leia prosessen rundt utviklinga av ny reiselivsstrategi for Rogaland. Oppdragsgjevar er Rogaland Fylkeskommune, og destinasjonsselskap, utviklingsorganisasjonar, næringsorganisasjonar, transportselskap, enkeltbedrifter og offentleg verkemiddelapparat dannar styrings- og arbeidsgruppa. Prosjektleiar ved HLB er Eli-Grete Høyvik.

Første samling i prosjektet fann stad på Preikestolhytta 20 – 21.08 under overskrifta ”Kva er dei viktigaste strategiane for å utvikla reiselivet i heile Rogaland?” Deltakarane tek med seg arbeidsoppgåver frå samlinga tilbake til eigne regionar/organisasjonar før gruppa møtest på nytt utpå seinhausten.

Styringsgruppa for strategiarbeidet skal ta stilling til ei rekkje utfordrande spørsmål knytt til m.a. samarbeid, produktutvikling, marknadsføring, infrastruktur og bærekraft. Målsetjingane er å gjera Rogaland til eit enno meir markert og nyskapande reiselivsfylke. Den ferdige strategien skal behandlast av Rogaland fylkesting i løpet av våren 2013.

HLB sin prosessleiar, Eli-Grete Høyvik, har arbeidd med reiseliv i mange år både fagleg (med hovedfokus på interpretasjon) og som suksessrik næringsutøvar. Ho har og lang erfaring som prosessleiar. Ved sida av Høyvik deltek Johan Barstad, dr. Rhys Evans og dr. Dag Jørund Lønning med faglege innspel i prosessen.

Vidare informasjon

Eli-Grete Høyvik, Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling.
Kontaktperson ved Rogaland Fylkeskommune: Randi Klæbo, seksjon Næring.