Vedtekter – Høgskulen for grøn utvikling

§ 1 Namn
Stiftingas namn er Høgskulen for grøn utvikling.

§ 2 Føremål
Stiftinga har som føremål å gje høgare utdanning etter gjeldande lover og reglar for høgskular og universitet, og skal drive med forsking, utvikling og oppdragsverksemd, nasjonalt og internasjonalt som støtter opp om lokalt og regionalt utviklingsarbeid og natur – og kulturbasert verdiskapning og næringsutvikling.
Høgskulen for grøn utvikling er stifta av andelslaget Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling SA som ei næringsdrivande stifting jf stiftelseslova § 4 andre ledd bokstav b). Stiftinga har ikkje næringsverksemd som formål, men vil i nokon grad drive med slik verksemd for å oppfylle sitt allmennyttige formål.

Høgskulen sitt forretningskontor ligg i Time kommune.

§ 3 Styre
Styret er stiftingas øvste organ. Styret skal sørgje for at stiftingas føremål blir ivareteken og sjå til at rekneskapsføringa vert gjort i samsvar med allment godkjende prinsipp, og syta for årleg revisjon. Styret skal forvalte kapitalen på forsvarlig vis. Overskot frå drifta skal disponerast av styret i samsvar med stiftingas formål.
Stiftinga sitt styre skal ha minimum fem og maksimum sju medlemer og ha slik samansetning:

  • Eit styremedlem skal vere representant for og valt av dei tilsette jf stiftelseslova § 41
  • Eit styremedlem skal vere representant for og valt av studentane.
  • Styret vel sjølv sine etterfølgjere.

Styret vel sjølv ein styreledar.
Styremøte er vedtaksført når minst fire medlemer er til stede. Med mindre anna er uttrykkelig sagt i desse vedtektene, blir alle vedtak i styret fatta med alminnelig fleirtall.
Styremøte blir avhalde når styreledar bestemmer, eller når eit styremedlem krev det.
Styremedlem tenestegjer i to år. Et styremedlem kan tenestegjere i inntil tre periodar.
Daglig leier har møte – og talerett i styremøtet.

§ 4 Grunnkapital
Stiftingas grunnkapital er på NOK 200.000.

§ 5 Daglig drift
Styret skal tilsette daglig leier (rektor).
Rektor står for den daglige leiinga av stiftinga og skal følgje retningslinjer og pålegg styret har gitt. Den daglige leiinga omfattar ikkje saker som etter stiftingas forhold er av uvanlig eller av stor betydning. Rektor skal sørge for at regnskapet er i samsvar med lov og forskrifter og at forvaltninga av formuen er ordna på ein trygg måte.

§ 6 Endring av vedtektene
Endring av vedtektene krev tilslutning frå minst to tredjedelar av styret.

§ 7 Oppheving av stiftinga
Ved oppheving av stiftinga skal alle tilgjengelege midlar brukas på ein måte som samsvarer med stiftingas formål. Er ikkje dette muleg skal kapitalen i staden gå til eit allmennyttig formål.