Olav Eggebø – HLB

Olav Eggebø

Olav Eggebø er sosialantropolog og er tilsett som forskar ved HLB. Han har særleg undervisningsansvar for første modul i BA bygdeutvikling.

Olav arbeider med å ferdigstilla ei doktorgradsavhandling i sosialantropologi ved NTNU, Doktorgradsarbeidet omhandlar migrasjon og migrasjonspengar i Nicaragua. Eggebø skriv om korleis økonomiske endringar i Nicaragua har i for sosialt og kulturelt liv, og korleis sosiale og kulturelle strukturar er med på å forma den nye pengestrømmen.

Han har tidlegare jobba med tema som økonomisk, sosial og kulturell endring. I 2004 tok han hovudfag ved Universitetet i Oslo og skreiv oppgåve om returnerte migrantar i Nicaragua.

Eggebø har ei brei undervisningserfaring, sidan 2004 har han vore tilsett av Kulturstudier AS og har jobba som forelesar og fagansvarlig for kurs som har blitt undervist ved studiesenteret i Leon, Nicaragua.

Tlf. 51799406 / 98690330
Epost: olav@hlb.no

 CV Olav Eggebø