Eli-Grete Høyvik – HLB

Eli-Grete Høyvik

Eli-Grete har lang erfaring i å arbeide med bygdeutvikling med spesiell vekt på å formidle natur- og kulturverdiane i Eli-GreteHoyvik_mars2005_highbygdene under mottoet ”På skattejakt i Bygde-Noreg”.

Ho har mastergrad i samfunnsplanlegging og har arbeidd lenge i kryssingspunktet mellom planlegging i lokalsamfunn, bygdeutvikling/næringsutvikling og entreprenørskap gjennom ulike stillingar og oppdrag som fylkesplanleggar, næringssjef og mentor for etablerarar. Frå 2003 har ho hatt sitt eige konsulentselskap med kursverksemd og utviklingsarbeid for kommunar, reisemålsselskap, bygdelag og offentlege etatar som Fylkesmannen og Innovasjon Norge. Hennar spesialfelt er prosessleiing / fasilitering og strategiarbeid gjennom aktive metodar som Framtidsverkstader, Open Space Technology og andre storgruppemetodar.

Hennar spesielle faglege interesse er ”interpretive planning” – eller interpretasjonsplanlegging på norsk. Dette dreier seg om å finne fram til og formidle det særeigne ved ein stad – ”a sense of place”. Ho har undervist og vore gjesteforelesar i dette fagfeltet ved fleire høgskular.

Ho har også røynsle som mentor og rettleiar på oppdrag for Innovasjon Norge for etablerarar og bedrifter gjennom ulike utviklingsprogram (Alkymisten og FRAM).

Ho driv saman med familien kultur- og serveringsverksemda Ciderhuset i ein eplehage i Balestrand og er medeigar i Balholm AS.

Eli-Grete Høyvik er tilsett som høgskulelektor II ved HLB, frå 2015 på timeavtale.

Kontaktdetaljar:

Tlf: 90835673
Epost: egh@hlb.no

 CV Eli-Grete Høyvik