Daniel de Lange – HLB

Daniel de Lange

Daniel Lange er doktor i bedriftsøkonomi. Han studerte samfunnsøkonomi med fokus på finans og bank management ved Johannes-Gutenberg-universitetet i Mainz, Tyskland. Etter fullført studium arbeidde han i fleire år ved eit institutt for risikostyring (risk management) ved universitetet i Mainz, før han i 2009 bestemde seg for å arbeide sjølvstendig som rådgjevar, skribent og dosent. For tida innehar Lange i tillegg til verksemda si ved Høgskulen for landbruk og bygdenæringar òg professoratet for fagområdet ”Allmenn bedriftsøkonomilære (business administration), særskilt forsikringslære” ved fakultetet Wiesbaden Business School, Hochschule RheinMain i Tyskland.

Daniel Lange har meir enn 10 års erfaring innan undervising ved universitet og høgskule og meir enn 7 års erfaring innanfor økonomisk forsking. Han underver innanfor områda forretningsfinans, bank- og forsikringsindustri, særskilt risikostyring, forsikringsstyring, controlling, rekneskap, investering og finansiering, kapitalmarknadsteori, portfolioteori og derivative finansielle instrument. Forskingsinteressa ligg innanfor risikostyring, kreditt- og likviditetsrisiko og råstoff- og energimarknader.

Parallelt med undervisings- og forskingsverksemda si har Lange dei siste åra fungert som rådgjevar for eit norsk selskap og har som skribent forfatta fleire vitskapelege tekstar samt eit skriftleg studieløp innanfor temaet investering og finansiering. Gjennom lokale kontakter er Lange òg i nær kontakt med landbruket i heimeregionen Rheinland-Pfalz i Tyskland.

Daniel Lange underviser i økonomi og driftsleiing ved HLB på ein timeavtale.

 CV Daniel Lange