Dag Jørund Lønning – HLB

Dag Jørund Lønning

Professor dr.philos. Dag Jørund Lønning er rektor ved HLB. Lønning har spesialkompetanse på nyskaping som fenomen, og har fokusert spesielt på identitetsbygging/nyskaping og moglege implikasjonar og potensial for bygdesamfunn.

Han har gjennom ei rekkje publikasjonar og prosjekt søkt medvite etter nye utviklingsrom for bygda/distrikta, og vore leiande i Noreg når det gjeld forsking på natur- og kulturbasert nærings- og stadutvikling. I dette arbeidet har han også vore sterkt oppteken av forskaren som aktiv medverkar i lokale utviklings- og mobiliseringsprosessar. Fokuset på «kunnskap for utvikling» har prega Lønning sine arbeid gjennom mange år, og vert no vidareført gjennom HLB.

Eit meir deltakande samfunn og lokaldemokrati har blitt eit svært viktig kunnskapsfelt for Lønning. Kunnskap om og strategiar for involvering og mobilisering er ein sentral del av dette arbeidet.

Lønning har elles brei kompetanse på landbruks- og distriktspolitikk både i Noreg og i Europa, og har lang erfaring med internasjonalt forskings- og utviklingssamarbeid.

Lønning har leia ei rekkje rurale stad- og næringsutviklingsprosjekt både nasjonalt og internasjonalt, i tett samarbeid med aktørar i landbruk og bygdenæringar samt lokalt og regionalt verkemiddelapparat. Fleire av desse satsingane har leidd fram til nye verksemder og breie regionale satsingsfelt. Lønning har og erfaring frå store evalueringar.

Dag Jørund Lønning har dei siste åra vore knytt til EU-kommisjonen som ekspert på landbruk, bygdeutvikling, entreprenørskap og kulturarv.

Lønning er landets første professor i nyskaping og bygdeutvikling. Han vart kåra til Årets norske landbruksbloggar i 2014 og Årets norske bygdeprofil i 2015. Både i 2015 og 2016 stod han på Nationen og Bondebladet si liste over «Dei 100 mektigaste i norsk landbruk».

Kontaktdetaljar:

Tlf:51 79 94 08/ 99 50 91 25
Epost: rektor@hlb.no

 CV Professor Dag Jørund Lønning