Nytt prosjekt: Intensivt landbruk og natur-/kulturvern – HLB

Nytt prosjekt: Intensivt landbruk og natur-/kulturvern

Auka matproduksjonen må tyda meir intensiv landbruksdrift. Samtidig møter bonden stadig fleire krav knytt til natur-/kulturvern på eigen gard. Med empirisk fokus på den betente konflikten rundt forvalting av svarthalespove i intensivt driven eng på Jæren, startar HLB no eit prosjekt med mål om å laga ein overførbar modell for korleis aktiv matproduksjon og vern kan kombinerast.

Ei sentral målsetjing er å koma fram til vernepraksisar som bonde/grunneigar/lokalsamfunn kan kjenna eigarskap til og som kan inngå i dagleg drift og gjeremål. Modellen skal utviklast med basis i bøndene rundt Orrevatnet på Jæren sine eigne forvaltingsstrategiar for raudlistearten svarthalespove. ”Lokal kunnskap” er i dag eit stort tema i internasjonal forsking på mobilisering og lokalsamfunnsutvikling, men alt for lite fokusert i samband med krevjande vernesaker i det norske landbrukslandskapet.

Prosjektet skal munna ut i eit sett av tilrådingar knytt til det å (a) definera/rigga verneprosessar på ein måte som inkluderer bonde/grunneigar/lokalsamfunn som aktiv medeigar/medspelar, og (b) kunna kombinera effektiv matproduksjon og natur-/kulturvern i intensive produksjonsområde.

Ein modell for korleis ein kan oppnå eit effektivt natur-/kulturvern i landbrukslandskapet utan å måtta ty til bruk av produksjonshemmande tiltak (t.d. bandlegging av produksjonsareal), vil både kunna leggja til rette for eit godt dialogklima mellom bønder og forvalting i verneprosessar og medverka til å auka verdiskapinga frå det tradisjonelle landbruket i det berørte området.

Prosjektet skal utviklast i samarbeid med 29 aktive bønder rundt Orrevatnet og i tett dialog med miljø- og landbruksforvalting. Andre aktørar frå kunnskapsmiljøet i Rogaland Landbrukspark – i første rekke Bioforsk og Norsk Landbruksrådgivning – vil også medverka i prosjektet.

Vellukka orienteringsmøte

Prosjektet vart presentert på eit orienteringsmøte på Særheim 13.08. Her deltok ei rekke berørte/involverte partar knytt til vernet av svarthalespoven.

Prosjektleiar, rektor ved HLB dr. philos. Dag Jørund Lønning, innleidde ved m.a. å plassera satsinga inn i HLB sitt regionale, nasjonale og internasjonale arbeid rundt lokal mobilisering/medverknad. Lønning tok til orde for at dialog som utviklingsverktøy er svært viktig på Jæren, eit landskap med mange brukarar og interessentar og med ei rekkje pågåande og/eller potensielle arealkonfliktar. Lønning la og stor vekt på at mobilisering/reell medverknad er eit krevjande fagfelt som svært ofte blir tatt alt for lett på m.a. i vernesaker. Då risikerer ein også – som offentleg forvaltingsaktør – å mobilisera motstandarar, ikkje medspelarar.

Talspersonar for bøndene ved Orrevatnet, Kjell Harald Horpestad og Trond Kristian Refve, fortalde om stor tru på at dette prosjektet kan vera med og få ein vanskeleg og fastlåst verneprosess inn på eit meir produktivt spor. Viltforvaltar ved Fylkesmannen i Rogaland, Anders Brå, og landbruksdirektør Hadle Nevøy uttrykte også sterk støtte til satsinga, og lova å stilla aktivt opp som medspelarar og dialogpartnerar i arbeidet. Ordførar i Klepp kommune, Ane Mari Braut Nese, sa at kommunen har store forventningar til arbeidet, både i forhold til den krevjande saka om svarthalespoven men også til at modellen som blir utvikla vil kunna nyttast i andre saker der dialog er naudsynt.

Kontaktperson for bøndene som medverkar i prosjektet er Kjell Harald Horpestad.