Nytt dialogprosjekt om jordvern og makebytte i landbruket – HLB

Nytt dialogprosjekt om jordvern og makebytte i landbruket

Skal nedbygging av matjord i det heile vera mogleg? Kva krav skal stillast til utbyggar?

I det HLB-leia Prosjekt Makebytte møtest ulike arealinteressentar i jærregionen til verdiskapande dialog om forholdet mellom jordvern og andre samfunnsinteresser.

 Bakgrunn

Det blir framleis bygd ned mykje matjord i Noreg. Matjorda er spesielt utsett i område med høge arealverdiar og konkurranse frå andre samfunnsinteresser.

I jærregionen, som i andre sentrale jordbruksområde, har dette vore ei utfordring gjennom mange år. Både befolknings- og næringsvekst utfordrar jordvernet.

I seinare år har det blitt stadig vanlegare å stilla krav om motyting frå utbyggar/tiltakshavar ved nedbygging. Nedbygd matjord skal kompenserast ved at areal blir bygd opp annan stad. Spørsmålet om jordflytting har blitt eit omstridd tema i denne debatten.

Samtidig har slike «makebytte» vore krevjande å gjennomføra. Grenser mellom areal regulerte til landbruk og til næringsverksemd/bustader blir heile tida utfordra. Men det eksisterer ingen eintydige prinsipp verken for kva tid nedbygging av matjord eventuelt kan aksepterast eller for kva motytingar ein kan stilla krav om.

Problemstillingar

Sidan jordvernarbeidet i Jærsmiå, har HLB motteke fleire førespurnader om å leggja til rette for ein dialogprosess med makebytte som tema.

Arbeidet er no i gang, med følgjande problemstillingar:

  1. Definera kva makebytte er, og samla inn erfaringar så langt.
  2. Etablera prinsipp for kva tid makebytte kan vera aktuelt, og, motsett, kva tid ein ikkje bør opna for slike løysingar.
  3. Etablera prinsipp om/innspel til retningsliner for krav til motyting frå utbyggar: arealstorleik i forhold til utbyggingsareal, opparbeidingsgrad, framgangsmåte i forhold til flytting av matjord, osv.

Resultat

Resultatet av arbeidet skal vera tydelege definisjonar, prinsipp, retningsliner og kravspesifikasjonar, som igjen skal gje meir føreseielege prosessar for alle partar/interessentar. Jordvern er overordna prinsipp i arbeidet.

Prinsippa skal utviklast ved bruk av metoden «dialogbasert utvikling». Her møtest ulike interessentar direkte i eit aktivt og styrt forsøk på å samskapa nye verdiar og mål. Erfaringar med metoden er at denne gjev løysingar med breitt eigarskap og difor potensielt stor gjenomslagskraft.

Prinsippa skal leggjast fram i løpet av desember 2016.

Deltakarar

Dialogdeltakarane i Prosjekt Makebytte representerer landbruk, prosjektutvikling, massehandtering, offentleg forvalting, regional-/lokalpolitikk og FoU i jærregionen:

Torbjørn Hovland- Varaordførar, Klepp
Britt Jorunn Haslemo – Leiar Eining for landbruk, miljø- og kulturvern, Time
Harald Gudmestad – Investor/prosjektutviklar
Solveig Ege Tengesdal – Fylkesordførar i Rogaland
Hadle Nevøy – Tidl. landbruksdirektør i Rogaland
Arne Berge – Bonde, Time
Jan Magne Fotland – Prosjektutviklar entreprenørverksemd
Robijne Verstegen – Fagleiar planavdelinga, Sandnes kommune
Ingve Berntsen – Bonde, Hå
Bjørn Meling – Kommunalsjef, Time
Dag Jørund Lønning – Professor/rektor, HLB
Olav Eggebø – Forskar, HLB

Arbeidet er finansiert med private midlar.

Prosjektet inngår i HLB sitt arbeid med deltakande demokrati – etablering av horisontale arenaer der interessentar kan medverka direkte i demokratiske prosessar, eller i utforminga av strategiske planar og val som direkte vedkjem eiga framtid.

For meir informasjon: Prosjektleiar Dag Jørund Lønning