Ny forskingsrapport: Den lokale maten gir for lite lokal verdiskaping – HLB

Ny forskingsrapport: Den lokale maten gir for lite lokal verdiskaping

I den nye rapporten Lokal mat for lokal utvikling, ser professor Dag Jørund Lønning og seniorforskar Johan Barstad frå HLB nærare på forholdet mellom lokal mat og verdiskaping i distrikta.

Produktmangfaldet er stadig aukande i Noreg, men kvifor er lokal mat framleis så lite synleg både blant dei store aktørane i reiselivet og i matbutikken på hjørnet?

Rapporten identifiserer tre sentrale utfordringar:

For det første er «det lokale» meir eller mindre borte frå «lokalmaten». Produksjon og foredling av «lokalmat» er overlate til dei frie marknadskreftene. Vinnarane er delikatessediskane i dei største byane, taparane bygda og distriktet der produkta ofte har sitt opphav.

For det andre representerer bransjeavtalane i reiselivet (og daglegvarehandelen) alvorlege hindringar for marknadstilgang. Dei mest «liberale» avtalane ein møtte i prosjektarbeidet, gav serveringsbedrifta rom til å tilby maksimum 15% av samla volum mat/drikke frå andre enn kjeda ein har avtale med.

For det tredje er norsk landbrukspolitikk både sentralstyrt og standardisert. Utan meir makt i landbrukspolitikken, får ikkje regionen/fylket rom til å utforma politikk og verkemiddel som er betre tilpassa lokale og regionale potensial.

Så korleis svarar ein på slike utfordringar? Rapporten er tydeleg på at både bransjeavtalesystemet i reiselivet og det lokale og regionale handlingsrommet i landbrukspolitikken må løftast fram og drøftast, både ope og breitt. Her må både næringsaktørar og politikarar på banen. Målsetjinga med ei slik drøfting må vera auka lokal og regional verdiskaping.

Samtidig er det ei utfordring som er overordna dei andre, seier prosjektleiar for arbeidet, professor Dag Jørund Lønning, og dette er vår kollektive forståing av kva lokal mat er og kan vera:

– Når lokal mat blir redusert til reint marknadsprodukt, går mykje av det lokale verdipotensialet tapt. Eit veldig tydeleg funn i dette arbeidet har vore at det lokale må tilbake i den lokale maten. Lokal mat er mat frå vårt eige nærområde. Lokal mat er identitetsmat me er stolte av, mat som fortel om eit lokalt og regionalt «oss».

Forskarane har henta inspirasjon frå dei store matregionane i Sør-Europa i arbeidet, fortel Lønning:

– Utviklingsmodellen som blir presentert i rapporten, skal gjera lokal mat til ressurs for auka verdiskaping i distrikta. Levande mattradisjonar skal løftast fram og gjevast ny verdi og meining. Målet er mat med reell lokal forankring, som igjen skal gje både lokalbefolkning og tilreisande autentiske lokale og regionale matopplevingar.

Rapporten er del av prosjektet «Mat og reiseliv i Møre og Romsdal». Funna i rapporten byggjer på innspelskonferansar, intervju og spørjeundersøking blant lokale matprodusentar og reiselivsaktørar i Møre og Romsdal, samt internasjonale erfarings- og litteraturstudiar. Prosjektet er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Rapporten kan lastast ned her.

Kontaktinfo:

Professor Dag Jørund Lønning

Seniorforskar Johan Barstad