Tid for Jordboka

 Av professor Dag Jørund Lønning, rektor HLB

Under oss finst eit lite kjent univers, beståande av milliardar av vesen me sannsynlegvis er avhengige av for å overleva som menneskje. Me har til dels neglisjert dei, til dels utnytta dei, til dels utrydda dei. I framtida lyt me spela betre på lag med det rike livet som utgjer matjorda vår.

Kva gjer me med havet?

Eg las nyleg Havboka av journalist Morten Strøksnes. Her blir me tekne med på eit festleg og fascinerande djupdykk i eit ekstremt mangfaldig univers, eit univers som strekkjer seg tusenvis av meter nedover til eit mørke der så mykje enno er ukjent for oss.

Denne verda under overflata har alltid utfordra menneskeleg skaparkraft, utforskartrong og fantasi. Men me har også måtta utvikla både varsemd og andektigheit. Slikt var avgjerande for å overleva ved kysten. Havet har krefter, ikkje empati. Skal samspelet fungera over tid, må mennesket tilpassa seg kreftene og livet i havet. Då gir det rikt tilbake.

Mennesket, erobraren

Samtidig viser både Strøksnes og mange andre som har skrive om økosystema i havet, kva som kan skje når mennesket ikkje lenger er nøgd med dette. Når den som alt har fått så mykje, vil ha enno mykje meir. Når erobrarånd tek over for utforsking, læring og tilpassing. Faresignala er mange i vår tid. Søppeløyar så store som kontinent, oppvarming og forsuring, oppfisking av småfisk med massiv sjøfugldød som konsekvens, forsvinnande fiskebestandar, urgamle korallrev som blir bleika og døyr, osv.

Mennesket, med sine stadig meir effektive haustingsteknologiar, og med eit forbruk som mange gongar overstig planeten sin bereevne, er no i stand til å utrydda og drepa svært mykje av livet i havet. Erobring eller tilpassing? Valet er vårt.

Det ukjende, fantastiske universet under føtene våre

Det første eg tenkte då eg var ferdig med siste side, var at det no er på høg tid at også Jordboka blir skriven. Boka som skal skapa fascinasjon og interesse for eit enno meir ukjent og ikkje-utforska, men minst like rikt, levande univers.

Ingen veit dette sikkert, men det heiter seg at ei handfull god matjord inneheld fleire levande vesen enn det finst menneske på jorda. I eit gram matjord, kan det finnast milliardar av ulike bakteriar. Ein liten klump under det sterke mikroskopet avslører myriadar av vesen. Det eine underlegare enn det andre. Som i havet. Men kanskje enno fleire.

Dette burde setja ting i perspektiv. Det burde vekkja ærefrykt, lærevilje og utforskartrong i oss.

Matjorda er på mange vis «the last frontier». Den levande jorda er føresetnaden for at me menneske kan eksistera også i framtida. Og likevel er det dette kolossale universet av liv me veit desidert minst om.

Helten i Jordboka: Den Gode Bonden

Den sentrale helten i Jordboka, skal vera Den Gode Bonden. Det er han og ho som har fått det enorme ansvaret å forvalta den levande matjorda på vegner av menneskja i dag og i morgon.

Den Gode Bonden vel tilpassing framfor erobring. Den Gode Bonden søkjer stadig meir kunnskap og får stadig meir erfaring om den levande jorda, og om korleis det å oppretthalda livet i jorda er heilt avgjerande for ein berekraftig matproduksjon.

Den Gode Bonden er den reelle eksperten på det lokale ressursgrunnlaget – på korleis dei sosiale, dei kulturelle og dei naturgitte ressursane må balansera kvarandre og verka saman. Den Gode Bonden er engasjert, nysgjerrig, søkjande, lærande, lyttande og, ikkje minst, audmjuk overfor dei krefter han møter og må samspela med i naturen generelt og jorda spesielt.

Matjorda er i praksis utan vern

Men også Jordboka må, diverre, ha det store åtvaringskapittelet. For i enno større grad enn livet i havet, er livet i matjorda utan vern mot menneskeleg erobrarverksemd. Jord blir oppfatta som areal og dyrkingsmedium, punktum, og i svært liten grad som levande univers.

Og når jorda ikkje vil gje meir avling sjølv lenger, då finst det ei kjemisk løysing for det meste. Det handlar ikkje lenger om «Den Gode Bonden», men om å tyna mest mogleg tonnasje ut av kvar arealeining.

Utarma jord er livlaus jord

Også livet i jorda kan drepast når menneskeleg erobrarånd får styra. Utarma jord er livlaus jord. Det er jord som har vore oppfatta og nytta som reint medium for kortsiktige menneskelege haustingsbehov.

Å utarma jorda, er å drepa jordelivet. – Der har det vore nytta mykje sprøytemidlar opp gjennom åra, sa den aldrande jærbonden til meg, og peika på traktoren som pløgde opp svart mold med total fuglestille bak. – Der har det vore nytta lite, la han til og peika bortover mot ein av naboane som også pløgde, men han i ei sky av måsar som meska seg i alt det levande plogen virvla opp

40% av den dyrkbare jorda er borte

Det «moderne», «effektive» og storskala kjemikalielandbruket, har vorte ei katastrofe for verda sine jordressursar. Ein litteraturgjennomgang utført av ei forskargruppe ved Universitetet i Sheffield, viser at me har mista 40% av den dyrkbare jorda på planeten vår dei siste 40 åra.

Me ser enorme, samanhengande område der jorda rett og slett er «stein daud». Dette i ei tid med rask, global befolkningsvekst.

Men i Norge er «kjemipredikantane» tilbake

Det neste kapittelet i Jordboka skal vera ein kommentar til vår eigen, notidige landbruksdebatt, ein debatt der meir eller mindre reindyrka kjemipredikantar og «effektivitetsoptimistar» får dominerande plass med holdningar, påstandar og utspel ein trudde (og håpa) hadde forsvunne saman med forbodet mot DDT i 1970.

Her er det jippi og ja til enno færre og enno større einingar, enno meir kjemi, enno større maskinar. «Framsteg» målast i tonnasje. Marknad er Gud, og det er denne guden som skal avgjera korleis me skal produsera. Kva bonden trivst med, brenn for og har ressursar til, blir irrelevant.

Borte er ord som «menneske», «busetnad», «engasjement», «lyst», «interesse», «læring», «trivsel», «mangfald», «småskala», «landskap», «bygda», «berekraft». For ikkje å snakka om «jordeliv».

Får slike stemmer meir gjennomslagskraft og makt, ser det faktisk enno verre ut for livet i matjorda enn det gjer for livet i havet. Skal det stå i Jordboka.

Parsellhagar gjev opp til 11 gongar meir mat pr. hektar

Ei slik bok lyt likevel ha eit avslutningskapittel i meir optimistisk ånd. Her er det faktisk ein god del å gripa fatt i. Først og fremst at denne «ny-kjemioptimismen» i stor grad er eit særnorsk fenomen. Eg har arbeidd mykje med europeisk landbruk dei siste åra, gjennom oppdrag som «ekspert» ved EU-kommisjonen. Og rundt i Europa er det, heldigvis, aukande interesse for og fokus på livet i universet under oss, og på det å forvalta den levande matjorda på måtar som sikrar den som livsmangfald og matkjelde også for dei som kjem etter.

Ny kunnskap og nye erfaringar utfordrar inngrodde førestillingar om at storskaladrift er det einaste svaret på verda sitt behov for meir mat. I ein nyleg publisert forskingsartikkel kjem det fram at dei arealmessig små, men talmessig stadig fleire, handdrivne parsellhagane som veks fram rundt byar og tettstader over heile Europa, faktisk inneheld vesentleg meir av både organisk karbon og nitrogen og produserer 4 til 11 gongar meir mat pr. hektar enn det ein oppnår i storskala landbruksdrift (produktivitetsmålingane er gjennomførte i Leicester-regionen i England).

Dette er ikkje berre oppsiktsvekkjande. Det burde rett og slett føra til litt landbrukspolitisk ettertanke. Ikkje minst når me veit at meir enn 800 millionar menneske rundt om i verda no er involvert i parsellhagedrift.

Over heile verda aukar også interessa for og praktiseringa av korte verdikjeder og produksjonsformer som er mindre belastande for jordelivet. I Amerika kjem fleire unge no inn i landbruket etter mange års rekrutteringssvikt, mykje grunna slike meir jordvennlege utviklingstrendar.

Samspel med våre medskapningar

Jordboka skal avsluttast med ein appell.

Som menneske har me makt til å underleggja og utbytta. Men skal me sikra vår eiga overleving i framtida, står me oss nok betre over tid ved å velja tilpassing, læring og audmjukheit overfor våre store og små medskapningar på jorda.

Dei vere seg i lufta, i havet, på enga, eller der nede i den rike molda.

 

Ein forkorta versjon av denne teksten vart publisert som kronikk i Stavanger Aftenblad 29.08.16

Den er og publisert som Landbruksblogg i Nationen.