Jærsmiå, tankesmie for dialogbasert arealutvikling

I landets første tankesmie av sitt slag, skal interessentane som kjempar om jærlandskapet inviterast opp av skyttargravene og inn rundt det runde dialogbordet. Smia har deltaking frå sentrale personar i jærregionen innanfor landbruk, offentleg planlegging, natur-/kulturvern, friluftsliv og privat næringsliv (utbygging). Utviklinga av Jærsmiå har vore eit samarbeid mellom HLB og Østerhus Tomter AS. Satsinga byggjer på HLB sin viktigaste filosofi ”Kunnskap for utvikling!”.

Jærsmiå er eit toårig pilotprosjekt der sentrale representantar for landbruk, utbygging/næringsliv, natur-/kulturvern, friluftsliv samt viktige offentlege utviklingsaktørar, blir inviterte til å koma saman i ei tankesmie for å prøva å identifisera felles verdiar, framtidsvisjonar og potensielle dialogbaserte utviklingsstrategiar. HLB er prosjekt-/prosessleiar for satsinga.

Målsetjinga med prosjektet er å kunna koma med felles, dialogutvikla innspel til framtidsretta og bærekraftige (sosialt, kulturelt og økonomisk) strategiar som tek utgangspunkt i rask befolkningsvekst og difor behovet for både fleire bustader og gode friluftsareal, men som samtidig kan vera med og sikra langsiktige rammevilkår for det viktige jærlandbruket og gje rom for vern av sentrale natur- og kulturverdiar for framtidige generasjonar.

Jærsmiå skal byggjast opp rundt brei involvering og deltaking, og framlegg til løysingar skal veksa fram nedanfrå gjennom felles kunnskapsbygging og aktiv, løysingsorientert, dialog. Jærsmiå skal prøva å peika ut arealutviklingsmodellar og -prinsipp som i større grad enn i dag tek omsyn til breiare grupper av brukarar og interesser i jærlandskapet. Dialogen skal difor gjennomførast mest mogleg uavhengig av etablerte posisjonar og sanningar.

15 sentrale personar frå landbruk, utbyggarar, det offentlege og frilufts-/verneinteresser deltek i smia. HLB-rektor Dag Jørund Lønning leiar arbeidet.

Stor glede ved HLB

Lønning er svært oppglødd over nyvinninga, og meiner den er med og set forskingsbasert kunnskap inn i ein særs produktiv samanheng:

–          Dette er me svært stolte over å ha fått fram. Me ved HLB vil ikkje sitja tilbakelent og betrakta utviklingsinitiativ på avstand. Forskingsbasert kunnskap skal setjast i arbeid og brukast, den er ikkje primært til for å koma på trykk i meir eller mindre ”obskure” fagjournalar som nesten ingen utanfor den indre krins les. Samtida er i det heile prega av alt for mykje sektorisering. Kvar for oss snakkar me mykje til eigne menigheitar, men alt for lite på tvers av sektorar. Det er dette Jærsmiå handlar om. For eksempel: Landbruket på Jæren kan ikkje vinna kampen om eit meir langsiktig jordvern utan å snakka med andre aktørar og interesser i det same landskapet. I dag er denne tverrsektorielle dialogen minimal, om den då i det heile eksisterer.

Lønning held fram tankesmie-konseptet som potensielt veldig nyttig i ein situasjon prega av mange interesser og interessentar men lite dialog:

–          I ei tankesmie er det rom for fri leik med idear og framtidsvisjonar. Ein kan arbeida pragmatisk og løysingsorientert. Samtidig skal diskusjonen vera tufta på forskingsbasert kunnskap. For kvart tema som smia tek opp skal HLB sørgja for å leggja fram eit godt kunnskapsgrunnlag. Me skal og arbeida fagleg med dialog som utviklings- og verdiskapingsmetode: Korleis kan me bygga større tillit og openheit? Kor er me samde og kor er me eventuelt usamde? Finst dei gode løysingane som me alle kan stilla oss bak? Kva nye verdiar og potensial kan me eventuelt løysa ut ved å arbeida saman på tvers av tradisjonelle interesse- og sektorgrenser?

Lønning kan vidare fortelja at tilslutninga til arbeidet har vore stor, og at alle som er spurte om å medverka har svara ja:

–          Jærsmiå er nybrottsarbeid. Arbeidet vert krevjande, men også uhyre spennande. Noko liknande har ikkje vore gjort her i landet før og knappast andre stader. Her møtest landbruk, næringsliv, forvalting, frilufts- og verneinteresser i ein reell og vedvarande dialog over tid. Dette er ikkje ”forhandlingar”, men kreativ utforsking av felles grunn. Alle me har snakka med har og jubla over tiltaket og sagt at ”dette treng regionen!”. Eg vil elles spesielt berømma næringsaktørane for deira aktive medverknad til at me får dette til. Me trur smiå kan bli veldig viktig, både på kort og lang sikt. I første omgang for Jæren, men også etter kvart for andre stader/regionar i landet med behov for å samla ulike aktørar til dialog.

Organisering

Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) ved Rogaland Landbrukspark vil vera sekretariat og ha prosjekt-/prosessleiinga for arbeidet. Jærsmiå er ein del av HLB sitt pågåande forskingsarbeid rundt dialogbasert arealutvikling og arealkonfliktar på Jæren.

ØsterHus Tomter har vore ein viktig samarbeidspartnar for HLB i samband med danninga av Jærsmiå. Samarbeidet skal halda fram gjennom pilotperioden på to år. Gjennom å støtta Jærsmiå økonomisk har næringslivet i jærregionen engasjert seg i etableringa av eit breitt forum for ulike interessegrupper som møtest for uhilda å drøfte presserande utfordringar som Jæren står overfor.

På bildet øvst ser ein rektor Dag Jørund Lønning og medeigar i Østerhus-gruppen, Cato Østerhus, signera ein samarbeidsavtale i samband med etableringa av Jærsmiå.

Prosjektleiar for Jærsmia er rektor ved HLB, dr.philos. Dag Jørund Lønning. Tlf 51799408 / 99509125. Epost: [email protected]

Intern prosjektleiar ved Østerhus er prosjektutviklar Åsbjørn Søyland. Telefon: 51 68 50 38 / 905 90 155 E-post: [email protected]

 Medlemmer_Jærsmiå_2014.pdf