Mykje misnøye med brannvarslingsanlegg i landbruket – HLB

Mykje misnøye med brannvarslingsanlegg i landbruket

I ein heilt fersk rapport frå Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) kjem det fram mykje misnøye med brannvarslingsanlegga i landbruket.

Rapporten byggjer på ei undersøking retta mot 1515 bønder i landets fremste landbruksfylke, Rogaland.

Misnøye er først og fremst knytt til mange feilmeldingar og falske alarmar. Dette skapar igjen stor frustrasjon blant mange av brukarane. Fleire bønder kjem i undersøkinga med kraftig kritikk både mot eige brannvarslingsanlegg og mot sjølve kravet om å måtta ha slikt anlegg. Nokre seier rett ut at dei blir immune mot alarmar, medan andre går så langt som å slå av anlegget. Då er dei i realiteten utan varsling ved brann. Ein slik situasjon med feil og frustrasjon er øydeleggande for brannsikkerheita på gardane.

Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling har gjennomført undersøkinga på oppdrag frå Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland Bondelag, Rogaland Fjørfelag og Norsvin Rogaland. Rapporten er ført i pennen av forskar Olav Eggebø, og kan lastast ned gratis her.

For meir informasjon: Forskar ved HLB, Olav Eggebø