Lønning nominert til Årets norske bygdeprofil – HLB

Lønning nominert til Årets norske bygdeprofil

Rektor ved HLB, professor Dag Jørund Lønning, er nominert til heiderstittelen Årets bygdeprofil i Norge.

Prisen har vore delt ut kvart år sidan 2004, og det er berre andre gong ein forskar er nominert.

I kriteria for prisen står det at Årets bygdeprofil skal vera ein kjend person som har markert seg med særleg innsats for bygda, og som har profilert den norske bygda på ein særleg positiv måte.

6 kandidatar er nominerte, og det er Nationen sine lesarar som avgjer kven som kan smykka seg med tittelen. Kåringa starta i 2004, og tidlegare vinnarar er mellom andre Oddgeir Bruaset, Yasmin Syed, Therese Johaug og Odd Nordstoga.

Avstemminga føregår fram til 19 februar, og du kan stemma på Dag Jørund Lønning via denne lenken. Det kan stemmast ein gong i døgnet.