Lokalmatstrategi for Møre og Romsdal – HLB

Lokalmatstrategi for Møre og Romsdal

Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling leiar arbeidet med å laga eigen strategi for lokalmat og reiseliv i Møre og Romsdal.

Både blå og grøn sektor skal koplast på i ei storsatsing som er nyskapande og unik i norsk samanheng. Arbeidet startar på nyåret.

Skal læra frå store matregionar i Europa

Fokus i Norge har i stor grad vore på det enkelte produktet og den enkelte produsenten, men det som kjenneteiknar store matregionar ute i Europa, er tydeleg forankring i levande lokal kunnskap og matpraksis. Det er denne forankringa som gjer det spennande å besøka ein slik region. Som turistar søkjer me aktivt etter dei stader dei lokale et, etter den lokale maten og den lokale kunnskapen.

Møre og Romsdal fylke er no først her i landet med ambisjon om å utvikla ein heilskapleg regional strategi for korleis lokalmat og reiseliv kan koplast betre saman. Fylkeskommunen og den regionale partnarskapen er oppdragsgjevar/prosjekteigar. Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) har vunne det offentleg utlyste oppdraget med å leia dette arbeidet.

Mobilisering frå kyst og fjord til innland

I prosjektet skal ein både henta kunnskap frå vellukka prosjekt andre stader, evaluera tidlegare satsingar i Møre og Romsdal, kartleggja eksisterande lokalmatproduksjon i fylket og aktivt motivera til / legga til rette for at denne kan auka. Lokalmat frå både blå og grøn sektor skal koplast mot små og store aktørar i reislivsnæringa i fylket.

HLB vil leggja stor vekt på brei involvering, og tydeleg forankring i lokal kunnskap, tradisjon og aktivitet. Skal ein lukkast med ein heilskapleg regional utviklingsstrategi for lokalmat, er det mange ulike aktørar som må inkluderast og trekkjast fram. Dette gjeld sjølvsagt den som produserer og den som står for sal, men desse støttar seg på lokal kunnskap, på nyskapande og kreativ bruk av lokal ressursar, på historieforteljarane, på alle dei som produserer og vedlikeheld det lokale/regionale kulturgrunnlaget og særpreget som gjev tilleggsverdi til lokalmaten. Det er også viktig å sjå breitt på kundegrunnlaget: både fastbuande, fritidsbuande og tilreisande er potensiale kundar og brukarar av lokalmat.

Prosjektet skal aktivt søkja etter fellesverdiar, verdiar som kan gje mange ulike enkeltprodukt både frå landbruk og fiskeri tydelegare lokal/regional identitet. Internasjonal forsking viser at slik identitet er viktig både ut i marknaden, og som mobiliseringsgrunnlag for å få med fleire produsentar.

Professor Lønning: – Ei slik satsing har me venta lenge på i Norge

Professor Dag Jørund Lønning er prosjektleiar for satsinga. Han ser prosjektet som nyskapande i norsk samanheng, og fortel at heile HLB ser veldig fram til å koma i gang:

– Ei slik satsing har me venta lenge på i Noreg. Mat er viktig i reiselivssamanheng – om me no kjem utanfrå eller er reisande i vår eigen region. Men det har vore for mykje fokus på enkeltprodukt her i landet, og for mange «sit på eiga tuve». Me har streva med å hausta av fellesverdiane – både på produsentnivå og på regionnivå. Dess fleire kvalitetsprodukt ein region får fram, dess større vert attraktiviteten. Det enkelte produkt kan såleis også henta ut meirverdi.

Ein kartleggingsfase vår 2016, skal følgjast opp av ein tiltaksfase over eitt og eit halvt år. Prosjektet legg opp til brei involvering. Det skal arrangerast eigne innspelskonferansar i Ålesund, Molde og Kristiansund. HLB vil også ta i bruk nye dataverktøy som gjer at ein kan delta med innspel, idar og erfaringar frå datamaskinen heime. Prosjektteamet kjem også til å reisa mykje rundt i Møre og Romsdal før å møta engasjerte utviklarar, produsentar, faglag, foredlingsbedrifter, kunnskapsformidlarar, reiselivsaktørar og kundar/brukarar av lokalmat.

– Det meste ligg til rette for at Møre og Romsdal kan lykkast

Prosjektleiar Dag Jørund Lønning oppmodar alle med involvering i og interesse for lokalmat og gode matopplevingar om å ta del i den store mobiliseringa som dette prosjektet skal vera:

– Møre og Romsdal har fantastisk natur, rike kulturtradisjonar og mange levande lokalsamfunn både langs kysten og i innlandet. Attraktiviteten som reisemål er høg. Ei rekke produsentar har alt kome langt på lokalmatsida. Det meste ligg difor til rette. Det me treng no er målretta kunnskapsproduksjon, engasjement, brei medverknad og gode idear. Dette er ei unik satsing. Me gler oss til å ta fatt frå nyttår!

For meir informasjon:

Prosjektleiar, professor Dag Jørund Lønning

Prosjektansvarleg i Møre og Romsdal fylkeskommune, rådgivar Lillian Sæther Sørheim. Tlf.

71 25 81 96 / Mob. 952 80 603. Epost: lillian.sorheim@mrfylke.no