Landbrukspolitikken undergrev verdsarvstatusen til fjordane. Tid for landskapspolitikk a la Sveits? – HLB

Landbrukspolitikken undergrev verdsarvstatusen til fjordane. Tid for landskapspolitikk a la Sveits?

Hundretusenvis av turistar trekkjer til fantastiske Geiranger kvart år, men no trugast verdsarvlandskapet av attgroing. Kva skjer då med besøkslyst, bulyst, investeringslyst? Kan kulturlandskap bli sjølvstendig mål i landbrukspolitikken, spør Dag Jørund Lønning i denne kronikken.

Radikale politiske grep må til for å stoppa attgroing og landbrukspessimisme i verdsarvområda i vestlandsfjordane

 

 Av Dag Jørund Lønning, professor og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling

Hundretusenvis av turistar trekkjer til fantastiske Geiranger kvart år, men no trugast verdsarvlandskapet av attgroing. Kva skjer då med besøkslyst, bulyst, investeringslyst? Kan kulturlandskap bli sjølvstendig mål i landbrukspolitikken, spør Dag Jørund Lønning i denne kronikken.

 

Kva skjer når landbruket forsvinn?

Landbruk er den menneskelege aktivitet med størst estetisk innverknad på det kringliggjande naturlandskapet. Det gjeld både når landbruket er aktivt og når det ikkje lenger er det.

Det aktive landbruket produserer eit landskap av «nyttevekstar», menneskelege konstruksjonar (bygg, vegar, gjerde, etc.) og lag på lag med forteljingar om kven me var, er og vil vera. Natur og kultur smeltar saman til det me gjerne kallar «kulturlandskap».

Når landbruket ikkje lenger er aktivt, set ein motsett – og på mange vis like «dramatisk» – endringsprosess i gang. Det kulturelle landskapsbyggverket som mange generasjonar har vore ansvarlege for å reisa, byrjar å forfalla. Fråflytta gardar, samanraste byggverk, attgrodde stigar, beiteområde og enger. Identitetshistorier som ikkje lenger blir vidarefortalde til nye generasjonar, og som til sist ikkje er anna enn mytar om noko som var for lenge sidan.

«Attgroing» handlar om langt meir enn invaderande buskar og tre

Etter kvart som naturen tek landskapet «tilbake», forvitrar identitetsband mellom menneske og stad. Ei veldig tydeleg erfaring eg sit att med etter mange år med forsking på forholdet mellom menneske og landskap, er at «attgroing» handlar om langt meir enn at buskar og tre kjem tilbake der beitedyra (og det naturlege og kulturelle økosystem dei skapte rundt seg) ein gong var. For veldig mange menneske er ordet «forfall» synonym for ordet «attgroing». Eit kulturlandskap i forfall gjev ein stad i forfall, med negative innverknader for trivsel, pågangsmot, skaparlyst og investeringar.

Forfall vil over tid truga verdsarvstatusen

Historia om det norske landbruket dei siste tiåra, er historia om stadig færre bønder og tilsvarande større driftseiningar. Det er historia om vekst for dei landbruksområde der det ligg til rette for storskaladrift, men samtidig om «attgroing» og «forfall» for dei område der topografi gjer slikt meir eller mindre uråd.

Dette siste gjeld for store delar av vestlandskysten generelt, og for det kulturelt uhyre verdfulle fjordlandskapet spesielt. Delar av fjordlandskapet er definert som så internasjonalt viktig at det har fått verdsarvstatus som kulturlandskap. Når landskapsforfallet set inn her, kan heile grunnlaget for slik status blir truga. Konsekvensar kan verta dramatiske. Så mykje er investert og så store forventningar er skapte; rundt vekst- og utviklingspotensial både innanfor reiseliv, landbruk og lokalsamfunn generelt.

Politisk nytenking er naudsynt

Så kva gjer me? Vel, landbruk skaper landskap og politikk skaper landbruk. Dagens «flikkeordningar» for verdsarvområda verkar ikkje. Dei er altfor puslete til å bøta på skadane ein stordriftsorientert landbrukspolitikk påfører.  Det er openbert at omfattande politiske endringar er naudsynte, og det er freistande å svara at me lyt leggja om heile landbrukspolitikken. Å ta frå dei mange små og gje til dei store få, er over tid katastrofepolitikk for eit langstrakt land stort sett beståande av skog-, fjord- og fjellbygder og småbruk.

Men radikal omlegging er nok ønskjetenking med dei politiske konstellasjonar me har i dag, og ikkje har me tid til å venta på andre konstellasjonar heller. Det hastar med handling. Grepa me leitar etter må difor kunna vera moglege å gjennomføra innanfor dagens politiske landskap, men samtidig vera så radikale at dei evnar å snu pessimisme til framtidstru og forfall til ny innsats. I alle høve innanfor verdsarvsområda.

Om å snu eit sentralt prinsipp i norsk landbrukspolitikk på hovudet

Eg trur me lyt utfordra eit tilsynelatande «heilagt» prinsipp i norsk landbrukspolitikk, nemleg at kulturlandskap må koma som eit resultat av tradisjonell matproduksjon. Prinsippet høyrest sjølvsagt flott ut, praksis veldig mange stader i landet er likevel at kulturlandskapet gror att fordi denne tradisjonelle produksjonen blir sentralisert.

Landskap er ikkje eit hovudmål i norsk landbrukspolitikk, men ein potensiell effekt av andre mål. Slik er det ikkje i det landet det kanskje er aller mest naturleg å samanlikna seg med i denne saka, Sveits. I Sveits er matproduksjon, levande bygder, biologisk mangfald og kulturlandskap likestilte målsetjingar i landbrukspolitikken. I nokre område, t.d. fjellområde med dårlegare grunnlag for volumproduksjon, blir kulturlandskap definert som mål og produkt i seg sjølv. Nettopp fordi ein har sett kor avgjerande viktig det levande landskapet er for lokal trivsel og næringsverksemd. Slik blir landbrukspolitikken både meir fleksibel og presis i forhold til lokale behov og potensial.

Mot ei norsk pilotsatsing på landskapspolitikk?

Professor Dag Jørund Lønning

Til dei i norsk landbruk som freser berre dei høyrer antyding til noko slikt, og som sporenstreks parerer med at «me bønder er matprodusentar, ikkje parkvesen», har eg trøyst å koma med: For matproduksjonen opphøyrer så definitivt ikkje ved ei slik omlegging. Dei heilt nødvendige landskapsaktørane – kyr, sauer og geiter – døyr like lite av elde på beite i Sveits som dei gjer i Norge. Dei blir slakta på vanleg vis, og blir opphav til unike lokale produkt frå unike lokale landskap. For å seia det på ein annan måte: det blir minst like mykje mat av kulturlandskap som politisk hovudmål som det blir kulturlandskap av mat som hovudmål.

No tek eg ikkje her til orde for ei generell omlegging av norsk landbrukspolitikk i sveitsisk retning (me treng langt meir kunnskap om ringverknader og effektar for å kunna ta stilling til noko slikt), men for område med særleg sårbare landskap med høg kulturell verdi er dette ei tilnærming me absolutt bør prøva ut. Ingen område i Noreg bør vera meir eigna for ei pilotordning for å prøva ut aktiv landskapspolitikk enn verdsarvsområda i vestlandsfjordane.

 

Kronikken stod på trykk i Sunnmørsposten 08.01.18