Kva er nyskaping? Om fridom, skaparglede, framtid og fellesskap – HLB

Kva er nyskaping? Om fridom, skaparglede, framtid og fellesskap

Debatt- og fagboka Kva er nyskaping? Om fridom, skaparglede, framtid og fellesskap er no utgjeven på Boksmia forlag. Boka er skriven av Dag Jørund Lønning, rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdenæringar og presenterer resultat og erfaringar frå 15 års arbeid med temaet nyskaping i distrikts- og region-Noreg.

I boka blir me betre kjende med  menneske som nyttar liva sine til å skapa nye verdiar til beste for seg, omgivnadene og framtida. Me får eit djupdykk i kven dei er, kva dei søkjer, kva som driv dei inn i dette søket.

Ei effektiv stimulering av nyskaping i distrikts-Noreg føreset eit oppgjer med den ”produktfetisjisme” som verkar å vera så rådande både innan verkemiddelapparat og offentleg diskurs, skriv Lønning.  Han kjem i boka med sterk kritikk av alle freistnader i samtida på å redusera temaet nyskaping til rein marknadsorientering. Dette er ”å byrja med slutten og innbilla seg at slutten er byrjinga”, hevdar han. Naudsynt og avgjerande verdiskaping og ressursutnytting vert usynleggjort med ei slik innsnevring, og mange gode initiativ og idear vert hindra frå å utvikla seg vidare.

Forfattaren presenterer i staden rammene for eit alternativt innovasjons- og nyskapingsregime – innovasjonsallmenningen – eit regime tufta på menneskeleg engasjement, kollektiv inkludering, vedvarande omvurdering av det eksisterande, alternative blikk/perspektiv, og den menneskelege frie leiken med det naturlege, sosiale og kulturelle ressursgrunnlaget.

Boka kan tingast gjennom Boksmia forlag eller frå Bokkilden.