Kva er livets kjelde? – HLB

Kva er livets kjelde?

Av Dag Jørund Lønning, professor og rektor ved HLB

Dag Jørund Lønning har tilbrakt delar av vinteren på Sri Lanka for å arbeida med eit populærvitskapleg bokverk om menneske og mold. Boka blir ei kulturhistorisk reise i matjorda si fortid, notid og moglege framtid. Her følgjer ein smakebit frå den komande «Jordboka».

Om levande og daud tid

Eg sit på toget mellom landsbyen Ella og storbyen Kandy, gjennom det sagnomsuste Høglandet på Sri Lanka. Verdas vakraste togreise blir den kalla.

160 kilometer på 8 timar. Fort går det definitivt ikkje. Heller det motsette. Me humpar av garde i sykkelfart, kjennest det ut som. Men kva så? Firefelts motorvegar og høgfartsbanar tek oss raskare dit me skal. Men så skal me og stadig lenger. Slik sett går det opp i opp.

Og, ikkje minst, me mistar sjølve reisetida. Den blir tom tid. Tapt tid. Daudtid. Ein sit berre og ventar på å koma fram. Ampar og ser på klokka. Tel ned og keiar seg. Daudtid går ekstra seint. Som livlause postpakkar sit me der, på veg mellom avsendar og mottakar. Kva som skjer på vegen er uinteressant. Det viktige er tidspunktet ein drog og tidspunktet ein kom dit ein skulle. At avstanden mellom desse to er kortast mogleg. Snart har me ikkje lenger tid til å bruka all tida me sparte.

Slett ikkje slik her eg sit. Dagen går med. Men reisa er opplevinga. Vegen er målet. Til tonar av rytmiske slag mot togskinnene. Mykje skal på og av. Bunkar med tørka blad, grønsaker, tre mopedar, lokalbefolkning og turistar. Det skal stoppast på mange stasjonar. Veldig mange. Fleire stader kjem lokale bort til togvindauget for å selja heimelaga mat. Dei nyttar høvet medan folk går av og på. Det er snacks av gulerøter, dall (ein slags friterte linseballar med grønsaksfyll), peanøtter. Annleis og spennande.

Biologisk mangfald i n-te potens

Høglandet ber namnet sitt med rette. Me startar på 1200 meter, og så berre stig det. På delar av turen er me over 2000 meter. Heile vegen er det ein frodigheit som tek pusten frå ein. Og det sjølv om det knappast har regna på fleire månader. Ordet biologisk mangfald får ein ny dimensjon her oppe. Det er grønt, lysegrønt, mørkegrønt, irrande grønt. I mil etter mil etter mil. Eg visste knappast at det eksisterte så mykje grønt i verda. Høglandet er ulikt noko anna eg har sett.

Gje den moderne landbruksøkonomen aldri dukkar opp!

Dette er verken kulissar eller verneområde. Det er eit landskap i bruk. Me køyrer gjennom landsby etter landsby der menneske lever med og av jorda. Jordbrukssamfunn. Uendeleg vakkert er det. Sri Lanka sin eksportartikkel nummer ein, te, i dalsidene. I dalbotnane og på sirleg oppmurte terrassar, alt frå kål, gulerøter og poteter, til mango, papaya, banan, vassmelon, bønner og nøtter. Og mykje meir.

Åkerlappane er mange og små. Uhyre velstelte. Alt arbeid skjer for hand. Familiane er enno i stor grad samla her, og difor er det ikkje mangel på arbeidskraft.

Den som dyrkar jorda treng ikkje flytta til byen. Dette er definitivt ikkje eit overflodssamfunn, men ingen treng svelta. Avlingane er rike. Mykje går til eige og til lokalt bruk, men teigane gir også pengeinntekter via sal på marknaden. Eg sit og vonar på at dei maskinar og landbruksøkonomar som gjer mindre åkerlappar «ulønsame» aldri kjem til Høglandet på Sri Lanka.

Om paradis og forboden frukt

Me køyrer forbi Adam’s Peak, fjellet der Adam, vår felles forfar, skal ha stege opp til himmelen. Edens Hage skal etter seiande ha vore på Sri Lanka. Der eg sit og ser ut, gjev dette svært så god meining. Betre kandidat finst ikkje.

Edens Hage, Paradiset, skapingsmyta om det perfekte samspelet mellom menneske og natur. Om menneske som aksepterte å tilpassa seg naturen sine rammer, og som løn skulle få svært så rikt tilbake i form av dei frukter naturen kunne gje. Alt ein trengde for å leva eit godt liv. (Heilt til dei same menneska åt av den forbodne frukta, den som gav kunnskap og medvit om at det finst meir enn dette. Meir å trakta etter. Resultatet vart umetteleg hunger. Etter meir, betre, større, breiare, nyare, enno større, osv. Konsekvens? Paradise Lost. Ei historie som nok er attkjenneleg for dei fleste av oss).

Den eigentlege løyndomen bak Edens Hage

Dei finst likevel ei side ved denne svært så populære opphavsmyta som aldri blir trekt fram. Verken av prestar eller av dei mange som har tolka historia om Edens Hage. Eg har ikkje registrert at nokon har stilt det viktige spørsmålet: Kor kom dette paradiset frå? Og difor, kor kjem me menneske frå? Kva er livets kjelde?

Dette er den aller største løyndomen. Kanskje i heile verda. Den Dan Brown og Tom Egeland, kodekrimmeistrane, eigentleg burde ha skrive om. Eg tenkjer ikkje på obskure skrifter i forsegla krukker eller samanraste huler. Eg tenkjer heller ikkje på nedgravne okkulte objekt eller hemmelege symbol. Eg tenkjer på noko me alle har eit forhold til, noko me har teke i, snubla i, rulla oss i, men som me likevel har ein vedvarande tendens til å oversjå. Livets kjelde er ikkje gull, glitter eller edelsteinar. Livets kjelde er ikkje langt borte og tilgjengeleg berre for den djerve oppdagaren. Livets kjelde er synleg og nær for alle som ønskjer å sjå og å læra. Livets kjelde er mold!

Finst det noko vakrare?

Den mytiske Edens Hage vart skapt i det levande og ekstremt mangfaldige universet av liv under oss. Slik alt det grøne eg no ser på alle kantar også vart det. Dei siste dagane har eg teke mange bilde av skjeringar i landskapet. Mange, mange meter djupe. Ned i rein matjord. Skjeringa på jarnbanestasjonen i Ella, det siste bildet eg tok før eg gjekk på toget, viser at matjordlaget rett ovanfor stasjonsbygget er på minimum 13 meter! Her i Høglandet på Sri Lanka finn me noko av den beste matjord i verda. Djup, til tider svært djup, næringsrik, fascinerande, bildeskjønn. Finst det noko vakrare? Røter får vekstrom, menneske overlevingsrom.

Det har teke milliardar på milliardar av små og store skapningar tusenvis av år å byggja denne molda. Til beste for det grøne plantedekket oppå. Til beste for oss menneske. Som takk utryddar me dei. Over stadig større område. 40% av verda si matjord er øydelagd dei siste 40 åra grunna industrielle driftsformer som ikkje tek omsyn til at mold er liv.

Kan me venda tilbake til det paradis me ein gong tapte?

Me feirar alt det grøne og modne me ser rundt oss. Det skal me halda fram med å gjera. Det grøne og veksande er det synlege, det estetiske, det som trekkjer blikket til seg. Men molda, den me tek for gitt, er alle tings opphav. Det eigentlege. Kjelda. Løyndomen.

Ein haustar som ein sår, heiter det i eit gammalt ordtak. Kloke ord. Skal me menneske ha von om å finna tilbake til det paradis me ein gong tapte, er dette nøkkelen. Å verna om det levande universet under føtene våre, er å verna om vår eiga framtid.

Også ho som blir fødd i morgon fortener å oppleva ein humpete togtur i sykkelfart gjennom eit grønt paradis.

Alle foto: Dag Jørund Lønning