Kunnskapen som snur om på det meste? – HLB

Kunnskapen som snur om på det meste?

I denne neven med mold kan det finnast opp til 1 trillion levande vesen.

Av Dag Jørund Lønning, profesor/rektor HLB

Debatten om mi nyleg framlagde Jordboka har handla for lite om kva betydning den nye kunnskapen om mold kan få for matproduksjon, klimapåverknad og strukturutvikling i landbruket. Har me for første gong eit verkeleg alternativ til «større og færre»-tenkinga?

Det å «bremsa» er lite mobiliserande

Gjennom årlege landbruksforhandlingar har me her heime relativt sett klart å «bremsa» strukturutviklinga meir enn det ein har klart i mange andre land. Og likevel har me gitt opp skanse etter skanse. Talet på bønder held fram med å gå ned, og fråflyttinga frå små gardar i distrikta held fram.

Me har mangla eit reelt alternativ til den eldgamle industrielle forteljinga om større og færre, og difor har me blitt slavar av våre eigne kulturelle konstruksjonar. Me har skapt eit sjølvoppfyllande profeti.

Kreativ destruksjon med utgangspunkt i molda

Det var økonomen Schumpeter som gjorde omgrepet «kreativ destruksjon» kjent. Den beste måten å skapa reelle endringar på er ikkje endelaus kritikk av det eksisterande, det er tvert om å konsentrera kreftene om å utvikla alternativet.

Den nye kunnskapen om kva mold eigentleg er, kan gje grunnlag for eit radikalt paradigmeskifte i landbruk, hagebruk og matproduksjon. For mold er ikkje det «vekstmedium for snevre menneskelege interesser» me har behandla den som, men tvert om det viktigaste universet av liv på planeten. Livet i molda er basisen for at noko i det heile kan leva på landjorda.

Det startar med fotosyntesen. Mykje av det karbon som planten produserer der, går ned i molda som «bytemiddel». Der nede står ufattelege mengder av mikroskopiske levande klare til å utføra alle dei tenester planten treng. Det er produksjon og transport av næring, det er transport inn til planterøtene av vatn når det er for tørt og transport bort frå planterøtene når det er for vått, det er å sørga for det heilt rette ph-nivået ved planterøtene, det er transport av luft, det er kommunikasjonstenester mellom planter. Og det er vern mot sjukdomar: Dei «gode» bakteriane kan danna tette bufferar rundt planterøtene når det er sjukdomsframkallande organismar i nærleiken.

Mold er lag på lag med sjikt, «horisontar». Dette er sårbare system. Små menneskelege påverknader kan gjera stor skade på korleis liv, luft, vatn og næring flyttar seg mellom sjikta og ikkje minst i rhizosfæren (rundt planterøtene). Og når vår påverknad skadar naturen sine eigne krinslaup og støttefunksjonar, lyt me erstatta dei med meir og meir av våre kunstig produserte. Då blir me fort fanga i eit snevert handlingsmønster, med dei negative miljømessige, strukturelle og økonomiske konsekvensar dette får over tid. Forholdet mellom plante og mold endrar seg også fundamentalt. Der planten i naturen fekk det den trengde frå livet i molda, blir den no avhengig av menneskeleg tilført næring.

Den største kunnskapsutfordringa me står overfor i dag, er å oppnå ei langt betre forståing av naturen sine eigne produktive krefter og korleis me kan spela på lag med desse. Dei nyskapingsaktørar eg presenterer i Jordboka har det til felles at dei alle, på kvar sine måtar, utviklar denne typen kunnskap: Korleis kan me invitera naturen sitt mangfald og sjukdomsførebyggande mekanismar inn i hagen og åkeren? Korleis sikra mest mogleg produktivt mikroliv i molda? Kort sagt; korleis få naturen sjølv til å gjera mest mogleg av jobben?

Utfordrar etablerte sanningar

Kunnskapen og erfaringane desse nyskaparane no sit på vitnar om eit fantastisk potensial på ei lang rekke felt. Samtidig skyt dei ned den eine etablerte «sanninga» etter den andre når det gjeld kva landbruk er og kan vera:

Påstand 1: «Me har ikkje anna val enn å bli større og færre». Realitet: Den desiderte største verdiskapinga målt pr. arealeining, skjer i dag på til dels veldig små areal. Singing Frogs Farm, som har blitt kjente i Norge gjennom Jordboka, produserer og sel grønsaker for fleire millionar kroner på under 40 da. Dei har og sju menneske i fullt arbeid. Teknologien er naturen sin eigen og samspel med denne. Modellen deira blir tatt i bruk under svært ulike veksttilhøve over heile USA, med gode resultat. Ørsmåbruket Neversink Farm i staten New York oppnår 350 000 dollar i inntekter på 6 da med å praktisera denne naturbaserte produksjonsmåten.

Påstand 2: «Ei veksande verdsbefolkning gjer eit kjemibasert landbruk tvingande nødvendig». Realitet: Verda sine småbrukarar, brorparten utan tilgjenge på denne typen teknologi, kontrollerer 30% av verda sine landbruksareal. På desse produserer dei 70% av maten i verda. Den framveksande kunnskapen om livet i molda gjer påstanden enno mindre sann. Klarar me menneske å gjenskapa moldlivet frå der nytteplanten har sitt naturlege opphav, vil me oppnå langt større produktivitet, skriv den amerikanske organisasjonen for mikrobiologisk forsking i ein større rapport. Og, held dei fram, behovet for kjemiske innsatsmidlar vil bli drastisk redusert, kanskje forsvinna heilt.

Påstand 3: «Landbruksproduksjonen er ein av dei viktigaste enkeltårsaker til klimaendringar». Realitet: Dette er definitivt korrekt med dagens dominerande industrielle produksjonsmetode. Men det finst mykje forsking som peikar i retning av at landbruket kan gå frå å vera årsak til løysing i klimaspørsmålet. Naturnært landbruk, slik det er definert i Jordboka, har potensiale til å fanga og binda meir karbon enn det slepper ut. Nøkkelen er igjen livet i molda. Grønt grasdekke er ikkje nok. Dersom dette graset veks i ei mold utan liv, vil den karbon som blir fanga siga rett ut at. Det er livet i molda som omdannar og lagrar karbon.

Dag Jørund Lønning

Mykje må endrast, men potensiala står i kø

Mange etablerte praksisar blir også utforda av den nye moldkunnskapen:

  • Ein landbrukspolitikk som oppmodar til at dei store skal bli enno større og dei små falla bort, gjer oss effektivt ute av stand til å ta den nye kunnskapen i bruk. I røynda treng me nye insentiv for intensiv produksjon på små areal.
  • Ein jordvernpraksis som stort sett utelukkande handlar om å verna areal er lite presis. Livet i molda er i dag heilt utan vern. Miljørørsla er også fråverande.
  • Ein jordvernpraksis som tillèt nedbygging av bynær mold er bygd på ei utdatert verdiskapingsforståing: Den fremste moldbaserte nyskapinga i dag skjer tett på der folk bur. Den nye kunnskapen om mold inviterer til lokale verdikjeder, til nye band mellom den som dyrkar og den som et.

Løyser me slike utfordringar står potensiala i kø. Det aller viktigaste er at den nye kunnskapen vert teken i bruk og praktisert. Jordboka er meint som ein invitasjon til åkerbrukaren, hagebrukaren, politikaren, miljøvernaren, ja eigentleg til alle. Får me til ei brei mobilisering rundt den levande molda og alt det utrulege den kan gjera for oss?

 

(Denne kronikken står på trykk i Bondevennen 24.11.17 – som del av kronikkserien Moldrok)