Kulturarvsamarbeid i Litauen – HLB

Kulturarvsamarbeid i Litauen

HLB innleiar hausten 2013 eit prosjektsamarbeid med The Lithuanian Association for Castles and Manors (LACM), ein organisasjon som arbeider for at dei mange herregardane, slotta og borgene i Litauen skal haldast vedlike og koma lokalbefolkning til gode i framtida.

I første omgang går ein inn i eit forprosjekt med fokus på kulturarv, lokalsamfunn og verdiskaping. Eit større verdiskapingsseminar skal arrangerast i Litauen i løpet av hausten, med fleire faglege bidrag frå HLB. Forprosjektfasen skal og nyttast til utvikling av eit større og meir langsiktig samarbeid.

Arbeidet er finansiert med norske EØS-midlar gjennom Riksantikvaren og det litauiske kulturdepartementet. Rektor Dag Jørund Lønning og førsteamanuensis Eli Janette Fosso medverkar frå HLB, medan prosjektleiar ved LACM er administrerande direktør Daiva Kelpsaite (bildet).

Paraplyorganisasjonen LACM har 45 slott/borger/herregardar som assosierte medlemmer (to avbilda her).

Lenk til LACM si heimeside.