Korleis leggja til rette for bygdeutvikling? HLB Arbeidsrapport 1, 2013 – HLB

Korleis leggja til rette for bygdeutvikling? HLB Arbeidsrapport 1, 2013

Korleis etablera gode rammer for lokale utviklingsprosjekt? Dette er tema i denne sluttevalueringa av prosjektet «Liv i fjøsan. Fra tomme fjøs til nærings- og kulturinstitusjoner». Mange utviklingsprosjekt slit med måloppnåing, så også Liv i fjøsan. Rapporten presenterer ei ny forklaring på kvifor: Dei aller fleste offentleg støtta bygdeutviklingsprosjekt er rigga med milepålar og indikatorar der «fysiske» resultat står i fokus og ikkje ideane og det skapande mennesket. Ein forventar «Nyskaping», medan prosjektet i røynda er rigga for «Gjenskaping». Dette er ei rigging som meir eller mindre garanterer at måloppnåing ikkje vert tilfredsstillande.

Rapporten presesenterer ein alternative modell for etablering av eit nyskapande bygdeutviklingsprosjekt.

Last ned