Konsument eller borgar? Grüne Woche og kampen om framtidslandbruket – HLB

Konsument eller borgar? Grüne Woche og kampen om framtidslandbruket

Dette er "framtidstraktoren", blir det hevda på Grüne Woche. .

Kampen om framtidslandbruket si sjel, kampen mellom det industrielle og det menneskenære, rasar over heile verda. Inne i messehallane på Grüne Woche må ein leita litt for å finna uttrykk for denne kampen. Men dei finst. Bak megatraktorane og forbrukaridyllen..

Professor Dag Jørund Lønning, Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling

Grüne Woche skal vera det globale landbruket sin fremste møteplass, men den verdsomspennande lokale matrevolusjonen og det framveksande menneskenære landbruket er nærast usynlege i Berlin. Det visuelle inntrykket ein får på messa er heller at standardisering, industriell masseproduksjon og turboforbruk har vunne ein endeleg siger.

Gigamaskinar og vekstideologi

Traktorane i maskinhallen er på storleik med halve operabygget i Oslo, plogane massive nok til å dekka den

Dette er «framtidstraktoren», blir det hevda på Grüne Woche. . Foto: Dag Jørund Lønning

andre halvdelen. Ved sida står dresskledde herremenn og deler ut brosjyrar om «moderne landbruksproduksjon». Kjemikalieseljarane er tilsvarande velkledde og velartikulerte i sine freistnader på å fremja enkle og endelege løysingar på dei hindringar «naturen» eventuelt måtte leggja i vegen for «den moderne bonden».

Framtidsbildet er det same gamle: endå større maskinar, endå meir monokultur og endå meir kjemi. Konsekvensar er ikkje ein del av dette bildet. Det er som om erosjon, utarming av mold, ureining av vassdrag, aukande medisinbruk, fleire matskandalar og veksande klimautfordringar ikkje finst. Lokalsamfunn er ikkje-tema.

Den same 50-tallsinspirerte vekstideologien dominerer hovudaktiviteten på messa, reisemålspromotering støtta opp av alkohol- og matsmaking. Masseforbruk står i fokus, og tidsrette ideal som «lettvint», «enkel tilgang» og «skje raskt» er reindyrka.

Den ansiktslause konsumenten

I strie straumar og lynraskt tempo kostar me «konsumentar» frå det eine landet sin stand til det neste. Me er så levande redde for å gå glipp av noko, med det resultat at me stort sett går glipp av alt. Gjennomsnittleg tid pr. stand pr, forbrukar er nemleg på under 1 minutt. Ein har så vidt tid til å slenga ut ein evaluerande kommenter der ein durar av garde.

Kritikken sit laust blant dei forbifarande. Den som skal lukkast med å vinna den kravstore globale konsumenten sitt annerkjennande nikk, må evna å finna den rette balansen; mellom fargar, dekorering, uniformering, smaksprøvar, drikkeutval, underhaldning og illustrasjonar.

Stereotypiske glansbilde

Ikkje overraskande blir resultatet landpresentasjonar som framstår som ei lang rekke polerte og stereotypiske glansbilde. Holland er tulipanar, Marokko er krydder, Finland er julenisse, Sveits er ostefondue, Sverige er elg. Den norske standen er delt i Fjord-Norge og Fjell-Norge (NB! Trøndelag stiller som seg sjølv, og ære være dei for det). Bilda på veggene speglar også av slike hovudtema; høge fjell og fossar, lange og tronge fjordar. Sola skin på alle bilda! Dei som står på standen er kledde i lusekofter. I lyntempo serverer dei smaksprøvar med laks, flatbrød, spekemat og akevitt.

Kva gjer masseforbruket med oss menneske?

Den som har innsideinformasjon, veit at ein på den norske standen finn nokre av landets mest innovative produsentar av lokal mat. Men denne informasjonen kjem ikkje fram til dei som hastar forbi. Det er ingen kopling mellom produkt og produsent. Personlege historier skal  ikkje fram. Den ansiktslause forbrukaren møter den like ansiktslause seljaren. Og alt skjer veldig fort. Suksess målest i tal besøkande, ikkje i kor lenge dei blir.

Slik er Grüne Woche eit tydeleg uttrykk for kva masseforbruket gjer med menneskeleg individualitet. Me blir ein stor ansiktslaus masse der me kollektivt kostar gjennom handlegatar eller messehallar i eit tilsynelatande evig forbruksjag. Sjølve drivkrafta i tida me lever i, masseforbrukets epoke, er at målet heile tida flyttar seg, at me aldri blir nøgde. Me må kjøpa oftare og kasta oftare.

Men det finst ei alternativ historie. Bak glansbilda

Med eit så kritisk syn på GW, kvifor er eg då likevel på plass nærast kvart einaste år? Jo, fordi denne arenaen også er ein av dei best eigna til å avsløra kor menneskefiendtlege både industrilandbruket og ideologien som held det oppe, forbrukarsamfunnet, i røynda er. Det skal ikkje meir til enn å bryta ut av den endelause straumen og rett og slett setja seg ned. Då høyrer ein fort sukka frå alle dei som klagar på kø eller dei mange stemmene som snakkar om «det veldige stresset det er å vera her».

Den som set seg ned, kjem i prat med andre menneske. Ein høyrer kven dei er og kva dei er opptekne av. Menneske får ansikta sine tilbake. Då finn ein at det menneskenære faktisk er til stades på GW likevel. Uoffisielt. I dei forventningar menneske ber på til kva matproduksjon skal vera i vår tid. Den kjekkaste hallen, fortel dei eg snakkar med, er husdyrhallen. Der kjem ein tett på dyra. Der ser ein mangfald, ikkje standardisering. Dei kjekkaste standane, held dei fram, er dei standane der ein blir oppmoda til å setja seg ned, og der dei som står bak disken har tid og lyst til å fortelja om eigen bakgrunn. Mat er identitet. Nokon har produsert den. Ein ønskjer å møta desse «nokon», høyra historiane deira, læra om staden dei kjem frå og ressursgrunnlaget der. Høyra om lokale rettar og korte verdikjeder. Det å eta og drikka er sosiale aktivitetar for oss menneske. Me vil treffa andre over den gode maten. Det er difor me kjem på GW, ikkje for ståande å stupstyrta shots og smaksprøvar i frykt for å bli rent i senk av den ansiktslause køen som pressar på bakanfrå.

Frå matkonsument til matborgar?

Den kjende amerikanske landbruksforskaren Fred Kirschenmann skriv: «Ein matrevolusjon er definitivt på gang. Æraen til dei passive matkonsumentane er over og ein ny æra med aktive matborgarar er på veg». Denne lokale matrevolusjonen spreier seg no over heile verda. Den handlar om nærleik og eigarskap, og definitivt ikkje om endå meir forbruk og endå fleire produkt. At pengemakt og store multinasjonale selskap ikkje ser seg tente med slike endringar er lett å forstå. Men burde det ikkje vera i vår norske interesse å støtta opp under dette skiftet?

Professor Dag Jørund Lønning

Endring neste år, Norge?

Ei oppmoding til arrangørane av den norske standen (som me brukar veldig mange millionar på): Neste år løftar ein fram produsentane og produkta deira, fortel deira historier, fortel om det verkelege livet på bygda (også dei mange dagane når det regnar), ønskjer velkomen til dialog og involvering, byggjer møtestader mellom den som dyrkar og den som et.

Då kan Norge få GW 2019 sin mest spennande og tidsaktuelle stand.

(Kronikken står på trykk i Bondevennen 09.02.18 – som del av kronikkserien Moldrok)