Kenya sin ambassadør besøkte HLB – HLB

Kenya sin ambassadør besøkte HLB

Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling var måndag 9. mai vertskap for den kenyanske ambassadøren til Skandinavia, dr. Joe Sang.

Tema for møtet var samarbeidsmoglegheiter mellom HLB og kenyanske institusjonar.

Ambassadøren meiner Noreg er eit førebilete for utvikling, og at Kenya kan få mykje ut av å dele erfaringar med oss. Landbruk står for ein fjerdedel av den kenyanske økonomien. I motsetning til Noreg har Kenya store områder som er eigna for dyrking, men ein slit likevel med manglande produktivitet.

Kunnskap for utvikling

BAC 1091Ambassadør Joseph Sang (t.h. på bildet) og fyrstekonsulent Robert Wasike (t.v. på bildet) fekk ei innføring i HLB sine arbeidsområde av rektor Dag Jørund Lønning og førsteamanuensis Rhys Evans, og om Klepp kommune som landbrukskommune frå ordførar Ane Mari Braut Nese og landbrukssjef Atle Barkved. Styreleiar Odd Arild Kvaløy leia møtet.

HLB har eit overordna mål om å produsere anvendeleg kunnskap for utvikling, som skapast saman med den lokale befolkninga. Eit slikt perspektiv vil kunne bli særs nyttig også i Kenya.

Eit land i vekst

Nyleg innførte den kenyanske regjeringa ein demokratisk reform, der dei delte landet inn i 47 fylker. Reforma har gitt eit godt utgangspunkt for lokale utviklingsprosjekt i samarbeid med HLB.

Ambassadøren fortalde at trass i nokre vekstplager har Kenya klart å tredoble bruttonasjonalproduktet sitt dei siste ti åra. Dei har og gjort mange humanitære framsteg, mykje til takke for grunnloven som kom i 2010.

75 prosent av den kenyanske befolkninga bur enno i rurale områder, der det er eit stort utviklingspotensiale for turismenæringa. Med fokus på det menneskelege vil HLB kunne kome med nye perspektiv på kenyansk problematikk, knytt til områder som lokal utvikling og samfunnsbasert turisme. HLB vil kunne hjelpe lokalsamfunn med å sjå verdien i dei lokale ressursane sine, og gi dei verktøy til å utvikle staden.

– Me kallar Kenya for det magiske landet, for det har innslag av alle verdsdelane. Kenya er menneskets fødestad, seier fyrstekonsulent Wasike. Eit slikt ressursgrunnlag – knytt til både natur og kultur – er det få andre land som har.

Potensiale for samarbeid

BAC 1087Utsendingane frå Kenya var særs positive til HLB sitt arbeid. Ambassadøren og staben hans skal no utvikle ein konkret plan for samarbeid mellom HLB og kenyanske institusjonar.

Kenya har i dei siste åra fått ei vekst i forsking og høgare utdanning, som gir mange alternativ for samarbeid med HLB. Det kan også vere aktuelt med prosjekt knytt til lokalsamfunn, der HLB går inn som kunnskapspartnar.