– Jordvern er samfunnsinteresse – HLB

– Jordvern er samfunnsinteresse


Den beste måten å styrka jordvernet på, er å verta langt tydelegare på samfunnsnytte over tid, sa professor Dag Jørund Lønning då han la fram resultata frå dialogarbeidet i Prosjekt Makebytte.

Forslaga frå det HLB-leia dialogutvalet vil gjera det betydeleg vanskelegare å byggja ned god matjord.

Samtidig skal ein og sikra landbruksinteressene i dei tilfelle der matjord blir bygd ned. Erklæringa inneheld difor detaljerte rekkefølgekrav til utbyggar, samt forslag om regional jordbank og regionalt utviklingsfond for landbruket.

Kva tid er makebytte aktuelt?

I Prosjekt Makebytte har HLB, v. professor Lønning, leia eit dialogutval med representantar for landbruk, prosjektutvikling, massehandtering, offentleg forvalting, regional-/lokalpolitikk og FoU i jærregionen.

Gruppa har hatt som overordna mål å styrka jordvernet. Ein ser likevel at det i enkelttilfelle, der sterke samfunnsinteresser talar for dette, kan vera naudsynt med ei justering av grenser mellom landbruksareal og anna areal. Gruppa har arbeidd med å vurdera (a)kva som skal til for at me står overfor ein slik situasjon, og (b) korleis landbruket, det totale landbruksarealet og matproduksjonen likevel kan koma styrka ut.

Om lag 50 personar, dei fleste lokalpolitikarar, var møtte fram i Høghuset på Bryne 1.12.16 for å følgja framlegginga av Prinsipperklæring for makebytte i landbruket – det primære resultatet av dialogarbeidet.

Vektskåla må fram

Den første delen av prinsipperklæringa handlar om å definera kva tid nedbygging av matjord i det heile kan vera aktuelt. Her lyt vektskåla fram, sa Lønning:

– God matjord er i praksis ein ikkje fornybar ressurs. Det å etablera kriterier for å vurdera ulike interesser opp mot kvarandre, vil både vera ei politisk og ei brei samfunnsoppgåve. I erklæringa oppmodar me sterkt om at ein byrjar å tenkja slik. Om ein t.d. vel å nytta eit langsiktig generasjonsperspektiv, er det slett ikkje sikkert at jordvernet lyt vika for den nye vegen eller toglina. Eller, ein må rett og slett ta kostnadene med å leggja vegen i tunnell under dyrkamarka, og/eller godta at togturen tek fem minuttar lenger tid fordi ein må utanom det verdfulle landbruksarealet med lina. I erklæringa seier me at det må særs sterke samfunnsinteresser til for at jordvernet skal vika.

Innhald er viktigare enn form

Gruppa er tydeleg på at effektivt jordvern i praksis og høgkvalitets landbruksareal i drift, er viktigare enn grenser og fargar på plankart. Eit grep som kan gjera vernet meir effektivt og presist, er å innføra jordkvalitet som eit sentralt kriterium i eventuelle utbyggingssaker. Dette blir knapt praktisert i Noreg, og store område med høgkvalitets matjord har blitt bygd ned. Lønning vektla dette poenget sterkt i framlegginga:

– I forhold til ein kvar plan og prosess som utfordrar areal med matjord, skal det gjennomførast detaljerte jordanalysar. Nedbygging av god matjord skal i prinsippet ikkje skje i det heile. I den grad nedbygging i det heile blir sett som naudsynt, skal dette skje på beviseleg lågkvalitets matjord. Dette kan vere vassjuk jord, jord med svært mykje stein, små restareal og liknande.

Rekkefølgjekrav til utbyggar

For det tredje lanserer gruppa også eit sett med detaljerte rekkefølgjekrav til utbyggar/tiltakshavar. For kvar dekar matjord som blir bygd ned, forpliktar utbyggar seg til fullstendig opparbeiding av to dekar. Dette kan vera på same gard eller i nærområdet. Kravet gjeld nydyrking eller opparbeiding av areal som ligg brakk.

Areal for opparbeiding/nydyrking skal vera definert og klart før ei eventuell utbygging kan skje. Slik kan ein sikra at matjord i så liten grad som råd blir mellomlagra. Fjerning og transport av matjord skal elles skje i tråd med den siste forskingsbaserte kunnskapen.

Regional database for jordformidling

Gruppa foreslår oppretting av ein regional database der bønder og andre aktørar kan registrera behov for matjord, og for opparbeidning/nydyrking av areal. Ein slik database bør vera regional. I dag er det svært varierande kor vidt kommunane i det heile stiller krav til utbyggar. Det er heller ikkje noko einheitleg praksis for å ta vare på matjord.

Finansiering skal skje gjennom ei utbyggingsavgift på kr 50 pr kvadratmeter. Tiltakshavar betalar denne. Avgifta skal gå til drift av database, og til eit regionalt utviklings- og nydyrkingsfond for landbruket.

Behovet for tverrsektoriell forvalting

Lønning peika elles på det viktige i å arbeida på tvers av sektorar og interessegrenser:

– Når denne erklæringa skal setjast ut i livet, er me avhengige av å byggja forvalting over same lest som det me har gjort i dialogarbeidet. Samfunnsnyttevurderingar må me gjera saman. Eit berekraftig jordvern er avhengig av at så mange samfunnsinteresser som råd får ta eigarskap til jordvernomgrepoet og gjera det til sitt. Både private og offentlege aktørar må aktivt involverast framover.

Her kan du lasta ned prinsipperklæringa.

Brei støtte hos dei frammøtte

Etter framlegginga vart det opna for ordskifte og debatt. Det var brei støtte til dei framlagte prinsippa blant dei frammøtte. Samtidig var fleire og inne på behovet for politisk vilje dersom prinsippa skal bli praksis både i regionen og i enkeltkommunar. Det blir viktig å følgja opp arbeidet med nye felles satsingar, m.a. for regional jordbank og felles forvalting av denne.

Erklæringa er klar for bruk

I møtet kom det konkrete innspel og ønskje frå politikarar frå Randaberg og Sandnes om å ta arbeidet inn i kommuneplankomiteane.

Fleire røyster tok og til orde for å løfta dette viktige arbeidet opp på nasjonalt plan og difor inn i stortingskorridorane.

Lønning avslutta møtet med lovnad om å følgja arbeidet opp i forhold til både lokale, regionale og nasjonale politikarar. Han kom og mer ei klar oppmoding til dei frammøtte om aktivt å bruka prinsipperklæringa: – Den er kort, konkret og spissa. Det er berre å ta den direkte i bruk!