Jærsmiå vil ha fokus på landskapsbasert verdiskaping – HLB

Jærsmiå vil ha fokus på landskapsbasert verdiskaping

Jærsmiå si prinsipperklæring om næring, friluftsliv og vern vart overlevert til miljø- og klimaminister Tine Sundtoft på ein spesiell seremoni på Stora Marøy i Stavanger 30.04.

Prinsipperklæringa har fått tittelen: «Privat eigedom. Velkomen!» Eit dialogbasert verdiskapingsprogram for jærlandskapet.

Jærsmiå vil ha fleirbruk som gjennomgåande prinsipp, vern gjennom bruk, meir fokus på verdiskaping, og meir dialog i forvaltinga.

Under overrekkinga til statsråd Sundtoft, la jærsmieleiar Dag Jørund Lønning vekt på verdiskapingspotensialet i landskapsmøtet mellom produksjon, vern og oppleving. Jærsmiå er sterkt oppteken av at landskapsressursane skal takast i bruk, at forvaltinga må leggja til rette for dialog mellom alle involverte, samt at det lokale eigarskapet må vera tydeleg. Sundtoft fekk overrekt  både den nye prinsipperklæringa og Lønning si bok om dialogbasert utvikling.

I sitt takkeinnlegg uttrykte statsråden stor støtte til Jærsmiå som ide og til den dialogbaserte måten å arbeida på. – Det er gjennom dialogen me har skapt dette landet, og slik skal det framleis vera, sa Sundtoft.

Prinsipperklæringa vart også lagt fram under Jærsmia sitt opne dialogmøte i Klepp rådhus 29 april. Her mottok assisterande Fylkesmann i Rogaland, Harald Thune, dokumentet. Også Thune uttrykte stor støtte til Jærsmiå som institusjon og til horisontal dialog som avgjerande for gode forvaltings- og verneprosessar.

Dei om lag 60 frammøtte, som representerte grunneigarar, turgåarar, natur- og kulturvern, fekk elles med seg fleire innleiingar:

  • Professor Dag Jørund Lønning snakka om Jærsmiå generelt, og om dialog som metode.
  • Leiar ved Bioforsk avd Vest, dr. Arne Sæbø, snakka om behov og tilrettlegging for friområde i jærlandskapet.
  • Utbyggar Cato Østerhus tok opp kulturvernproblematikk knytt til utbygging av nye boligfelt på Orstad i Klepp. Utbyggarane vil gjerne tilrettelegge for bruk av verna område med informasjonsplakatar og liknande, men rådande kulturminnepraksis/-lovgiving hindrar dette. Difor vil kulturminneområde til sjuande og sist gro igjen.
  • Bonde og leiar i Time Bondelag, Arne Berge, fortalde om korleis det er å drive landbruk i eit svært populært tur- og opplevingslandskap. Utfordringane står i kø. Berge vektla likevel det mangfaldige landskapet som ein opplevingsressurs, og støtta Jærsmiå si vektlegging av fleirbruk.
  • Fylkespolitikar Elin Schanche såg Jærsmiå i eit regionalt perspektiv, og kom med ein invitasjon om samarbeid om fylkesplan for friluftsliv. Ho inviterte også Jærsmiå til å bli meir aktiv i dei urbane landskapa i Rogaland.

Den siste delen av kvelden var sett av til dialog rundt på borda. Det kom mange innspel til korleis dialogen mellom private og offentlege landskapsaktørar kan bli betre. Jærsmiå sin visjon om verdiskapande landskapsmøte vil stilla krav til både landskapseigar, landskapsbrukar og forvalting.