Jærsmiå inviterer til ny open dialogkveld: Bruk, vern og involvering i jærlandskapet – HLB

Jærsmiå inviterer til ny open dialogkveld: Bruk, vern og involvering i jærlandskapet

På forrige opne dialogkveld (i august 2014) var det smekkande fullt i festsalen på Klepp.

Også denne gongen tek me opp eit tema som vedkjem ALLE, og me vil gjerne ha DEG med i dialogen om landskapsbruk, berekraftig arealutvikling og gode lokalsamfunn.

Bli med i utforminga av dei gode arealløysingane for jærregionen, og sett av kvelden 29 april til aktivt dialogarbeid!

Stad og tid: Klepp rådhus, Festsalen, onsdag 29 april kl 18 – 21.

Tema:

  • Korleis sikra natur-/kulturvern og gode rom for friluftsliv i eit jærlandskap der matproduksjonen skal opp og eit veksande folketal legg beslag på stadig meir areal? («Ka ska me verna og ka skal me bruka?»)
  • Kan friluftsliv og lokalt forankra verneprosessar gje ny verdiskaping for gardbrukarar/grunneigarar?
  • Korleis involverer me lokalbefolkning i planlegging/utvikling av grøntområde, verneprosessar og tilrettelegging for friluftsliv?

Program for kvelden:

  • Presentasjon av dialogverktøyet og Jærsmiå sitt arbeid med natur-/kulturvern, friluftsliv og verdiskaping. V/prosjektleiar for Jærsmiå og rektor ved HLB, professor Dag Jørund Lønning
  • Behovet for friområde i jærlandskapet. V. jærsmed og leiar for Bioforsk Vest, dr. Arne Sæbø.
  • Grøntområde og kulturvern i nye boligfelt. Med og utan dialog. V. utbyggarane i Jærsmiå.
  • Korleis driva landbruk i landets mest attraktive opplevingslandskap?  V. bønder i Jærsmiå.
  • Presentasjon av Jærsmiå si heilt nye prinsipperklæring: «Privat eigedom. Velkommen!» Eit dialogbasert verdiskapingsprogram for jærlandskapet. V. prosjektleiar og medlemmer i Jærsmiå. I erklæringa kjem det heilt nye idear om korleis vern og friluftsliv kan utviklast og forankrast i jærlandskapet.
  • Jærsmiå i eit regionalt perspektiv. V.jærsmed og fylkespolitikar Elin Schanche.

Innspel også frå lokale og regionale politiske og administrative leiarar.

Siste del av kvelden:

  • Open dialog med alle frammøtte som deltakarar: Korleis kan me samarbeida på tvers av sektorar og interesser for å løysa arealutfordringane våre? Korleis får me gode prosessar der alle kan bidra?

Påmelding

Det er gratis inngang, og me håpar på brei deltaking. ALLE! er inviterte; politikarar, byråkratar, planleggarar, forvaltarar, bønder, friluftsinteresserte, bustad- og næringsutviklarar, interesserte enkeltpersonar eller representantar for lag/organisasjonar, gamle og unge, byfolk og bygdefolk, og alle dei me ikkje har nemnt.

Brenn du for regionen og jærlandskapet? Møt opp og bli med i dialogarbeidet for berekraftig arealutvikling.

Du melder deg på her.

Her er bilde frå forrige opne dialogkveld.