Jærbonden som produsent av fellesgode? – HLB

Jærbonden som produsent av fellesgode?

Ei lokalisering av Landbruksdirektoratet til Jæren gir nærleik til heile verdikjeda i landbruket, men også til den fremste bioøkonomiske innovasjonsarenaen; kysten og havrommet, skriv HLB

HLB gjennomfører eit omfattande forskingsarbeid rundt kollektive oppfatningar og bruk av det opne og landbruksproduserte jærlandskapet. Målsetjinga er å koma opp med arealplanleggingsmodellar som tek effektiv omsyn til alle brukargrupper, men som samtidig byggjer på eit aktivt jordvern.

Utgangspunktet for prosjektet Kva er Jæren? Verdien av det landbruksproduserte jærlandskapet for andre brukargrupper er eit av dei mest populære, men og mest omstridde og til dels konfliktfylte landskapsområde i landet. Innanfor eit svært avgrensa geografisk areal er landskapet Jæren både

(a) det viktigaste matproduserande arealet i Noreg,

(b) eit av dei mest ettertrakta utbyggingsareala for busetnad og næring i landet,

(c) eit mykje nytta fritidslandskap for mange tusen menneske, og

(d) eit landskap med ei lang rekkje verna og/eller verneverdige kultur og naturverdiar.

I desse spenningane ligg det potensielle arealkonfliktar samt store og krevjande planleggings- og styringsutfordringar. Minkande jordbruksareal indikerer at landbruket ofte kjem ut som tapande part i slike konfliktar.

Gjennom forskingprosjektet ønskjer Høgskulen for landbruk og bygdenæringar (HLB) å få fram kor vidt det eksisterer felles verdiar på tvers av dei delvis potensielle / delvis pågåande arealkonfliktane: Er det jordbruksskapte, opne og veldrivne jærlandskapet viktig også for dei tre andre brukargruppene i lista vår over? Kan auka medvit om slike felles verdiar verta eit verktøy for ei framtidig arealplanlegging som byggjer på dialog meir enn på konflikthandtering?

Sentrale problemstillingar for forskingsarbeidet er:

  • Kva assosierer menneske i dag – innanfor og utanfor regionen – med Jæren?
  • Korleis vert Jærlandskapet brukt og kven er brukarane?
  • Kva er dei viktigaste fellesgoda frå det landbruksskapte jærlandskapet, og korleis vert desse forstått/nytta?

Prosjektet vil kunna få stor betyding både for landbruket og for framtidig arealplanlegging i regionen:

  • Ved å identifisera og tydeleggjera fellesverdiar knytt til landbrukslandskapet vil ein kunna koma opp med fleire og breiare grunngjevingar for ein aktiv jordvernpolitikk for Jæren.
  • Resultata frå prosjektet vil kunna danna utgangspunkt for reviderte arealplanleggingsmodellar som tek effektiv omsyn til alle brukargrupper i jærlandskapet.

Første prosjektfase har ei økonomisk ramme på om lag kr 500 000 og er delfinansiert av Stiftelsen for fremme av jordbruk i Nærbø og omegn. Forskarane dr. Dag Jørund Lønning (prosjektleiar), dr. Rhys Evans og Johan Barstad medverkar frå HLB. Vidare skal bachelorstudentane Kristin Skrettingland-Haarr og Ingebjørg Wold skriva sine bacheloroppgåver i bygdeutvikling innanfor ramma av forskingsprosjektet.

HLB vil elles nytta resultata som grunnlag i arbeidet med eit eige høgskulestudium i jordvern- og arealproblematikk.