HLB som kunnskapspartnar i kyrkjerestaurering i Litauen – HLB

HLB som kunnskapspartnar i kyrkjerestaurering i Litauen

18.-19. Juli hadde professor Dag Jørund Lønning og dr. Rhys Evans verdiskapingskurs for lokalbefolkinga i bygda Kintai, i Litauen. Kurset er gjennomført som del av eit EØS-prosjekt om kulturarv i Litauen, der HLB har vore kompetansepartnar i restaureringa av ei kyrkje frå 1700-talet.

Målet med prosjektet er å skape eit ressursgrunnlag for utvikling av turisme i Kintai og regionen rundt ved å restaurere kyrkja i bygda. Kyrkja skal kunne tilpassast til lokalsamfunnet sine behov, om det er til religiøs bruk, konsertar, kulturelle samankomstar, møter o.l.

Professor Lønning byrja kurset med ein innleiing om lokal identitet, postmodernitet og kulturøkonomi knytt til kulturarv, og korleis ein kan bruke identitet som «merkevare» i turisme. Vidare snakka han om samfunnsbasert lokalutvikling, om strategiar for å skape ein attraktiv stad for både lokale og eksterne turistar. Lønning avslutta kurset med ein innføring i mobilisering, korleis ein får med seg folk på nye prosjekt.

Førsteamanuensis Rhys Evans snakka om ressursbasert lokalutvikling, om å identifisere ressursar i samfunnet og korleis ein kan gi nytt liv til kulturarva si gjennom empowerment.

Ein kan lese meir om prosjektet her.