HLB skal evaluera Jæren vannområde – HLB

HLB skal evaluera Jæren vannområde

HLB har vunne ein offentleg anbodsrunde om evalueringa av Jæren vannområde (tidlegare Aksjon Jærvassdrag).

Prosjektleiar er forskar ved HLB, Johan Barstad. Oppdragsgjevar er Rogaland Fylkeskommune.

Arbeidet skal føregå komande halvår, og det HLB-leia evalueringsteamet består av forskarar frå HLB, Bioforsk Vest og University of Western England.

Dette er primært ei organisasjonsevaluering, og fokus vil vere på betydinga av dei to nye organisasjonsgruppene som vart etablerte etter 2002; «Avløpsgruppe» og «Frivillige tiltak i landbruket».

I tillegg til å vurdere endringar i rammevilkåra for organisasjonen, skal evalueringa også sjå på implementeringa av EU sitt vassdirektiv (vassforskrifta).

Resultata frå prosjektet, skal brukast til følgjande;

  • Måle effekt av eksisterande organisasjon sett opp mot vassforskriftas føremål og miljømål, gitt i Handlingsplanen til Aksjon Jærvassdrag
  • Vere grunnlag for å vurdere framtidig organisering. Då det er kommunane som er grunnbjelken i organisasjonen, er det særleg viktig å få frem kva betyding arbeidet som vert gjort i de ulike gruppene, har for kommunane.

Les meir:

Jæren vannområde
http://www.vannportalen.no/hovedEnkel.aspx?m=41315
(tidlegare Aksjon Jærvassdrag)

http://www.vannportalen.no/hovedEnkel.aspx?m=66329&amid=3438347