HLB opnar ny avdeling i Nord-Norge – HLB

HLB opnar ny avdeling i Nord-Norge

Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) opnar ny Nordavdeling.

Den høgtidelege opninga skjer torsdag 24 september. Både Stortinget og det offisielle Nordland er representerte.

Avdelingskontoret ligg i Leinesfjord, sentrum i Steigen kommune i Nordland.

DJ heimesidebilde– Avdelingskontor i nord er heilt i tråd med vår visjon og filosofi, seier HLB-rektor Dag Jørund Lønning. – HLB skal vera landets viktigaste kunnskapssenter for livskraftige lokalsamfunn. Å sikra busetnad, optimisme og næringsutvikling i distrikta i ei tid der mange flyttar frå bygda til byen, krev ein spesiell type kunnskap. Det er denne kunnskapen, kunnskapen om å skapa endring nedanfrå, som er HLB sin spesialitet både som oppdragsaktør og som utdanningsinstitusjon. Det er denne kunnskapen store delar av Nordland og Nord-Norge treng.

Bygdeutviklingsforskar og friluftsentusiast Maria Almli,Maria Almli vil ha den daglege drifta av kontoret i Steigen. Ho vil også utgjera «førstelinetenesta» ut mot private og offentlege samarbeidspartnerar og oppdragsgivarar i nord. Men heile fagmiljøet til HLB vil vera operativt i forhold til nordsatsinga. I løpet av komande år satsar høgskulen på å byggja opp ein brei prosjektportefølje i heile landsdelen.

Opningsseremonien skal haldast i Allhuset i Leinesfjord. Leiar for næringskomiteen på Stortinget, Geir Pollestad (SP), medverkar. Det gjer også fylkesråd i Nordland, Ingelin Noresjø. Regionrådet i Salten deltek også. Sjølve snorklyppinga vil ordførar i Steigen, Asle Schøder, stå for.

Det vert faglege innlegg av forskar Maria Almli, professor Dag Jørund Lønning, seniorforskar Johan Barstad, Bente Aasjord frå Fagforbundet og Lindis Sloan frå KUN. I tillegg blir det ein sesjon der frammøtte kan koma med ønskje og innspel i samband med etableringa: Kva type kunnskap treng regionen, og korleis kan ein samarbeida om å produsera denne?

Arrangementet er ope for alle. pdfProgram ligg vedlagt.

Kvelden før opninga blir det elles ei meir uformell fagstund på Skjelstad kunst & kulturgård. Her fortel Dag Jørund Lønning og fotograf Rune Johansen om arbeidet med boka Liv i Fjøsan. Det vert servering av både mat og drikke. Lillian Låve Selvik og Maria Almli er vertar.