HLB med verdiskapingskurs i Litauen – HLB

HLB med verdiskapingskurs i Litauen

I samarbeid med partnerar i Litauen har HLB fått EØS-midlar til m.a. å gjennomføra fleire verdiskapingsseminar knytt til restaurering av gamle slott/herregardar og kyrkjer i Litauen.

Første utgåve av kurset går tidleg i september, 2014 Her skal 25 deltakarar studera korleis arbeidet med å restaurera det gamle og staselege Abromiskes Manor kan generera sosial, kulturell og økonomisk verdiskaping for omgivnadene. Kurset har fått tittelen Creating Values Together.

Professor Dag Jørund Lønning og førsteamanuensis Rhys Evans frå HLB skal levera innhaldet i kurset. Samarbeidspartner under gjennomføringa er The Lithuanian Association for Castles and Manors. Dette var og HLB sin partner i eit nyleg gjennomført forprosjekt.

Abromiskes Manor ligg om lag ein time frå hovudstaden Vilnius, og er eitt av veldig mange gamle slott/borger i Litauen som no er under oppussing.

Her er programmet for verdiskapingsseminaret.

Her kan ein lesa meir om det eine samarbeidsprosjektet HLB er med i.

Det var veldig mange søknader til kultursamarbeidsprogrammet i Litauen. Nålauget var trongt, og berre 17 prosjekt vart løyvde midlar til i første runde. HLB er einaste norske partner som er med på to prosjekt. Det andre prosjektet handlar om restaurering av den gamle, vakre kyrkja i den vesle kystlandsbyen Kintai. Her skal det gjennomførast eit tilsvarande verdiskapingsseminar med lokalbefolkninga. Dette skjer truleg til våren.

Project Description Abromiskes Manor Restoration

Fargebilda viser Abromiskes Manor under oppussing. Det gamle svartkvitt-fotoet viser slottet slik det ein gong framstod.