HLB med i europeisk utviklingsprosjekt – HLB

HLB med i europeisk utviklingsprosjekt

I sommar vart det klart at HLB er godkjend som ein av 9 partnerar i det europeiske erfaringsutvekslings- og læringsprosjektet Volare (Voice of the Learner as Real Enablement). Prosjektet ligg innanfor EU-programmet Grundtvig Lifelong Learning, og har, i tillegg til HLB, partnerar frå Tyrkia, Hellas, Bulgaria, Romania, Malta, Belgia, Tyskland og Storbritannia.

I partnarskapet finn ein alt frå store universitet til arbeidstakar- og kulturorganisasjonar. Northumberland College i Storbritannia er Lead Partner.

Målsetjinga med prosjektet er å utvikla effektive modellar for ”deltakande læring”; modellar der den lærande si eiga røyst er bygd inn i sjølve læringssituasjonen. Det skal hentast inn erfaringar frå heile Europa i utviklingsarbeidet. Resultat frå prosjektet skal presenterast i felles elektroniske publikasjonar og læringsverktøy. Prosjektet tek til hausten 2010 og held fram til ut i 2012.

HLB si deltaking i Volare-samarbeidet representerer både ei kjelde til fagleg utvikling og eit veldig flott høve for tilsette og studentar ved HLB til å bli betre kjende med ei rekkje spennande læringsmiljø rundt i Europa. Volare skal trekkjast aktivt inn i studietilbodet ved HLB.