HLB leiar storsatsing på hesteturisme rundt Nord-Atlanteren – HLB

HLB leiar storsatsing på hesteturisme rundt Nord-Atlanteren

Kan me bruka våre tradisjonelle hesterasar rundt Nord-Atlanteren på nye måtar innanfor reiselivet? Dette er utgangspunktet for ei storsatsing på hesteturisme som HLB no skal leia. Saman med partnerar i Sogn og fjordane, på Færøyane og på Island, skal høgskulen utvikla nye forretningsmodellar for hesteturisme som koplar saman kystlandskapet, dei mange historiene som lever i dette og dei gamle hesterasane fjording, færøysk ponni og islandshest.

Satsinga går over to år, og har ei samla økonomisk ramme på 2,4 millionar. Nordisk Atlantsamarbeid, NORA  medverkar med maksimalt tilskott som er 500 000 danske kroner pr år.

Prosjektet som har fått namnet Riding Native Breeds vil samarbeida med ei gruppe utbydarar av hesteturismetenester på Vestlandet, på Færøyane og på Island. Tilbydarar vil få høve til å møtast for å dela erfaringar, og dei vil og medverka aktivt saman med forskarane i prosjektet i utviklinga av nye forretningsmodellar rundt bruk av innfødde hesterasar i utforskinga av dei vakre med til dels vanskeleg tilgjengelege kystlandskapa rundt Nord-Atlanteren.

Prosjektet kan verta viktig for vestlandssymbolet fjordhesten si framtid. Media har i vår fokusert på at talet på fjordhestar er raskt fallande i Noreg. Behovet for hesterasen innanfor jord- og skogbruk har blitt borte og få nye økonomiske rom har vorte opna. Skal hesterasen ha ei framtid er det avgjerande at ein kan syna til bruksområde som også gjev inntekter. Dette er ei heilt sentral målsetjing i prosjektet.

For HLB representerer satsinga ei ytterlegare styrking av satsinga på hest og næringsutvikling. Frå hausten 2011 startar høgskulen opp med det som truleg er verdas første heiltidsstudium rundt hest i næring. Det nye forskingsprosjektet vil gje studentane på dette kurset eit unikt læringsmiljø i form av tilgang til nye metodar og tilnærmingar så vel som spennande nettverk.

Prosjektleiar for Riding Native Breeds og studieleiar for Hest i næring er førsteamanuensis i bygdeutvikling ved HLB, dr. Rhys Evans. Evans leiar frå før eit internasjonalt nettverk for samfunnsvitskapleg hesteforsking, the Equine Research Network.

Rektor Dag Jørund Lønning peikar på at det nye forskingsprosjektet og satsinga på hest og næringsutvikling er med og byggjer opp under høgskulen si viktigaste målsetjing:

–          HLB si primære oppgåve er å produsera og formidla kunnskap for livskraftige bygdesamfunn. Vår satsing på å kunna utvikla nye næringar og arbeidsplassar knytt til hest er eit uttrykk for at me tek denne oppgåva på alvor. Det nye forskingsprosjektet vil og styrka HLB som eit nasjonalt og internasjonalt leiande fagmiljø rundt nyskapande stad- og næringsutvikling i bygdemiljø.

Partnerane i prosjektet er:

Prosjektleiar: Høgskulen for landbruk og bygdenæringar

Partnerar:

Hólar University College

The Icelandic Horse History Centre

Skagafjörður Municipality

Felagnum Føroysk Ross

AS Norsk Fjordhestsenter

VAKN (Vårt akademi for kultur og næring) Eid Kommune

 

Rapport frå kick off på Island 24.10.2011
Startrapport frå Høgskulen i Holar (på islandsk)

For meir informasjon:

Førsteamanuensis Rhys Evans
Rektor Dag Jørund Lønning