HLB-leia pilotprosjekt om entreprenørskap og høgare utdanning – HLB

HLB-leia pilotprosjekt om entreprenørskap og høgare utdanning

Våren 2010 lyste Innovasjon Noreg ut 13 millionar kroner (3 millionar øyremerka Nord-Noreg) til norske høgskular og universitet for å utvikla pilotsatsingar rundt integrering av entreprenørskap i høgare utdanning. 24.08 kunne Kommunal og regionaldepartementet og Innovasjon Noreg opplysa at det HLB-leia pilotprosjektet ”Med gründerblikk på bygderessursar” har vunne fram i denne nasjonale tevlinga. Innovasjon Noreg har løyvd 1,7 millionar til ei storsatsing der Høgskulen for landbruk og bygdenæringar (HLB), i samarbeid med Høgskulen i Lillehammer (HiL), skal motivera studentar til å bli entreprenørar og nyskaparar i distrikts-Noreg.

Gjennom prosjektet skal HLB og HiL utvikla eit gründerretta læringsprogram med hovudmålsetjing å stimulera til nye og utviklingsretta blikk og perspektiv på bygderessursane. Arbeidet fokuserer sentrale næringar og utfordringar for bygde-Noreg og skal både formidla og produsera grunnleggande kunnskap om nyskaping i bygdemiljø.

–          Dette er verkeleg ei fjør i hatten for HLB, og eit prov på at vår satsing på nyskaping og bygdeutvikling vert lagt merke til. Me ser no fram til å kunna utvikla og tilby våre studentar landets beste høgare utdanningstilbod for bygdeutvikling og entreprenørskap i bygdemiljø. Prosjektet vil vidare setja oss i stand til å utdanna enno fleire gründerar, og dette vil og gagna distrikts-Noreg, seier rektor Dag Jørund Lønning.

Om prosjektet

Programmet skal stimulera oppdagings- og skaparlyst, kreativitet, og gje innføring i konkrete entreprenør- og produktutviklingsprosessar. Gjennom eit breitt sett av verktøy vil programmet gje studentane prosess- og utviklingsorientert kompetanse innanfor følgjande tema:

  • Nye tilnærmingar til matproduksjon der vekta ligg på auka foredlingsgrad og tilføring av tilleggsverdiar gjennom produksjonsprosessen.
  • Nye natur- og kulturbaserte bygdenæringar innanfor t.d. reiseliv, oppleving og formidling.
  • Utvikling av kunnskapsbedrifter på bygda.
  • Stad- og nettverksbasert entreprenørskap der ei rekke nærings- og utviklingsaktørar er med i ny- og/eller vidareutvikling av stadleg omdømme og næringssatsing.

I tillegg skal ein fokusera to horisontale tema som er nærare knytte til sjølve entreprenørskapsprosessen:

  • Blikket for det nye. Idéutvikling, skaparglede og identifikasjon av ressursar i eigne omgivnader.
  • Forretnings- og bedriftsutvikling. Entreprenørskapsprosessen. Verdikjeder. Utvikling av forretningsplanar.

Prosjektet skal gå over to år og vil gje 100 individuelle studentar – 50 frå kvar høgskule – eit heilt spesielt høve til å bli kjende med entreprenørskaps- og nyskapingsprosessar frå ide til produkt. Fellesaktivitetar i prosjektet vil ha form av fire samlingar i året, og studentar vil få dekka mange av utgiftene til deltaking i prosjektet.

Prosjektet har ei samla ramme på ca 2,5 millionar. Innovasjon Noreg løyver 1,7 millionar av dei samla kostnadene.

Sjå og pressemelding frå Kommunal og regionaldepartementet.

Prosjektleiar er rektor ved HLB, dr. philos. Dag Jørund Lønning. Ansvarleg ved Høgskulen i Lillehammer er professor Håvard Teigen.

Meir informasjon om prosjektet: Rektor Dag Jørund Lønning. Tlf: 51 79 94 08 / 99509125