HLB flyttar til jærhovudstaden Bryne – HLB

HLB flyttar inn i den gamle ullvarefabrikken midt i Bryne sentrum

Etter åtte år på Særheim i Klepp, flyttar HLB inn i nyoppussa lokale i Serigstadbygget, midt i sentrum av jærhovudstaden Bryne. – Me flyttar inn i eit av dei mest ikoniske bygg i heile jærregionen. Her blir me langt meir synlege, både fagleg og fysisk, seier rektor Dag Jørund Lønning

Snekring og innreiing er i full gang, og flyttinga skjer i august/september. Høgskulen starta drifta i Nærlandsparken i Hå ikkje lenge etter tusenårsskiftet, frå 2009 har ein vore samlokalisert med Nibio (tidlegare Bioforsk) i Klepp, og neste stopp blir no den tredje jærkommunen, Time. Bryne får no sin første høgskule og forskingsinstitusjon, eit spennande tillegg til det sterke vidaregåande miljøet og til kompetansemiljøet elles.

Styreleiar Odd Arild Kvaløy, flankert av Jofrid Torland Mjåtveit og Svein Helgesen, inspiserer det som vert kontoravdelinga.

Professor Dag Jørund Lønning fortel at HLB har hatt åtte fine år på Særheim. I denne perioden har ein opparbeida eit sterkt fagmiljø innanfor bygde- og lokalsamfunnsutvikling, eit miljø som er kjent over heile landet. Samtidig har ein sett at høgskulen framleis slit med å nå breiare ut i eigen region. Både Nærlandsparken og Særheim ligg utanfor der folk vanlegvis ferdast. Lokalisering i det svært iaugefallande Serigstadbygget, midt i Bryne, vil vera eit heilt anna utgangspunkt for å nå ut til breiare grupper. Suverent kollektivtilbod og mange sosiale tilbod rett utanfor inngangsdøra, vil og bli viktig. Ikkje minst når det gjeld å trekkja nye studentar.

Me får skreddarsydde lokale midt i Bryne sentrum, og det i eit av dei flottaste bygga på Jæren. I tillegg får me vårt eige akkurat passeleg store forsamlingslokale. Med Storstova som næraste nabo, har me alt titulert lokalet vårt som Veslestova. Ikkje berre blir dette ypparleg til forelesingar, høgskulen vil også etablera eigen open seminarserie med fokus på landbruk, samfunnsutvikling, lokaldemokrati, bygdeutvikling, natur- og kulturbasert næringsutvikling, osv. Dette blir eit flott tilbod til heile Jæren.

Huseigar Jan Grytten ønskjer velkomen til det  nye forsamlingslokalet på Bryne, allereie døypt Veslestova.

Serigstadbygget har ein lang landbrukshistorie. Bygget vart sett opp som mølle i 1871. På første del av 1900-talet, husa det Jæderens Uldvarefabrikk. No flyttar altså Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling inn.

13 juni var heile styret på befaring, ei befaring som vart leia av huseigar Jan Grytten. Alle styremedlemmene var svært nøgde med det dei fekk sjå, og organisasjonen gler seg til det som kan bli ein ny og spennande start for høgskulen.

Styret på trappa utanfor Serigstadbygget. Frå venstre: May-Sissel Nodland (vara), Johan Barstad (vara tilsette), Jofrid Torland Mjåtveit (styret), Rhys Evans (stret, tilsette), Dag Jørund Lønning (rektor), Ola Hedstein (styret), Monica Birkeland (styret, studentrepr), Odd Arild Kvaløy (styreleiar), Svein Helgesen (styret), Olav Røysland (vara). Nestleiar i styret, Bjørg Tysdal Moe, var ikkje til stades.

Lønning fortel at Bryne kjem til å merka at HLB etablerer seg.

Me ønskjer å bidra til å byggja opp Bryne som landets landbrukshovudstad. Allereie tidleg på hausten kjem me til å arrangera ein større konferanse med internasjonalt tilsnitt. Då vil me ta heile Bryne i bruk. Temaet blir den levande matjorda. Jordboka, eit større populærvitskapleg arbeid om matjord og framtidslandbruk, skal leggjast fram. Framståande innleiarar blir inviterte. Så her er det berre å følgja med!

Og til potensielle studentar: Me har framleis ledige plassar på BA i Nyskaping og Samfunnsutvikling!