Gratis dagskurs i dialogbasert areal- og samfunnsutvikling i jærregionen – HLB

Gratis dagskurs i dialogbasert areal- og samfunnsutvikling i jærregionen

Tid: Onsdag 15 april kl. 9 – 15.

Stad: Genoloftet, Rogaland landbrukspark på Særheim i Klepp

  • Vil du vera med og skapa eit jærlandskap med utviklingsrom både for landbruk, boligbygging, næringsutvikling, frilufts- og verneinteresser?
  • Er du opptatt av levande og attraktive lokalsamfunn i regionen vår?
  • Vil du læra effektive metodar for lokal mobilisering/involvering (å få andre med)?

Dagskurset i dialogbasert arealutvikling i jærregionen blir arrangert som del av «Byregionprogrammet for Jæren». Her samarbeider Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling med kommunane Gjesdal, Sandnes, Klepp, Time og Hå om å prøva ut tidleg dialog mellom offentlege og private aktørar og interessentar som kjelde til nye idear og som konfliktførebyggande/-løysande i arealsaker.

Program

Kurset har fokus på korleis dialogbasert utvikling som metode kan gje nye arenaer der offentlege og private interesser deltar som likeverdige utviklingsaktørar med felles eigarskap til og ansvar for prosess og resultat. Den mykje omtalte tankesmia/dialogforumet Jærsmiå er døme på ein slik arena.

Kurset omhandlar m.a.:

  • Dialog som vinn-vinn kommunikasjons- og verdiskapingsverktøy.
  • Mobiliseringsarbeid. Korleis engasjera og få andre med?
  • Korleis styrka lokal deltaking/medverknad i arealprosessar?
  • Dialog som verktøy for å samskapa berekraftige løysingar på tvers av interesse- og sektorgrenser. Dialog som verdiskapingsverktøy.
  • Korleis kan nettopp DU/DIN ORGANISASJON bidra til eit berekraftig jærlandskap?

Alle deltakarar blir med i dialogen om gode arealløysingar i løpet av dagen.

Kursleiarar og «pensum»

Kursleiarane er alle fagtilsette ved HLB:

  • Professor Dag Jørund Lønning
  • Førsteamanuensis Eli Janette Fosso
  • Forskar/høgskulelektor Olav Eggebø

«Pensum» for kurset er boka Dialogbasert arealutvikling. Manual for lokal mobilisering og demokratifornying av Dag Jørund Lønning. Dei medverkande kommunane skal alle ha nokre eksemplar av denne. Alternativt kan den kjøpast gjennom Jæren Forlag eller direkte frå HLB. Den blir og lagt ut for sal kursdagen.

Kven passar kurset for?

Er du eldsjel? Involvert i frivillig arbeid? Næringsaktør? Bonde/grunneigar? Opptatt av friluftsliv? Forkjempar for natur-/kulturvern? Lokalpolitikar? Forvaltar/planleggar på kommunalt eller regionalt nivå?

Kurset passar for alle, og vil gi kunnskap alle kan nytta.

 

Påmelding

Deltaking er gratis, men me vil gjerne ha påmelding innan kl. 12 dagen før (tysdag 14 april). Påmelding pågår til kurset er fullt, så her er det først til mølla..

Du melder deg på via denne linken:

https://app.easyquest.no/Collect/4187c5e6-1ca6-4361-a32d-bbf29aece643

Velkomne til dialogkurs!

 

Helsing HLB og kommunane i jærrådet.