Evaluering av prosjektet ”Fra tomme fjøs til nærings- og kulturinstitusjoner” – HLB

Evaluering av prosjektet ”Fra tomme fjøs til nærings- og kulturinstitusjoner”

Ei rekkje meir eller mindre parallelle utviklingstrekk – teknologiske endringar, nedgang innanfor tradisjonelle produksjonar, framveksten av  samdrifter og nye krav til bygningsmasse – har  gjort at det i dag finst mange tomme og unytta bygningar i norske gardstun. Desse tomme bygningane kan utgjera ei potensiell kjelde til ny natur- og kulturbasert verdiskaping i distrikta.

I Nordland ønskjer ein å prøva ut dette potensialet. Det 3-årige prosjektet ”Fra tomme fjøs til nærings- og kulturinstitusjoner” er styrt av FMLA-Nordland, og søkjer å ”revitalisere Nordlands mange ubrukte fjøs som kultur- og næringsarena for å skape ny virksomhet, nye møteplasser og sikre kulturlandskapet for fastboende og tilreisende og derved skape bolyst i bygdene”.

Gjennom prosjektperioden frå 2009 – 2012 skal ti tomme fjøs i områda Hattfjelldal og Steigen/Hamarøy – Hamsun sitt rike – utviklast til å bli nærings- og kulturinstitusjonar.

Høgskulen for landbruk og bygdenæringar (HLB) har fått i oppdrag å evaluera denne spennande satsinga.

Evalueringa skal vurdera arbeidsmetodar og resultatoppnåing i prosjektet og koma med innspel både til eventuelle utbetringar undervegs og til det vidare arbeidet på feltet. Evalueringsopplegget har m.a. følgjande element:

  • Følgja ei samling med alle aktørane i prosjektet.
  • Gjennomføra to vitjingar på alle deltakande bruk, og ha samtalar med alle prosjektdeltakarar.
  • Vurdera kor vidt prosjektet utviklar seg i tråd med sentrale målsetjingar i prosjektet.
  • Vurdera måloppnåing/resultat etter år to og ved prosjektslutt.
  • Utvikling av kortare midtvegsrapport
  • Sluttevaluering  med ein meir omfattande sluttrapport.

Prosjektleiar ved HLB er Dag Jørund Lønning. Lønning kjenner Nordland godt frå tidlegare arbeid som seniorforskar ved Nordlandsforskning, og har skrive boka Ringar i vatnet. Innlevingsøkonomi i det kulturelle hamsunlandskapet Hamarøy om bruken av arven etter Knut Hamsun i lokal/regional utvikling.